historier då ho arbeidde i barne hagen.
Til og med i dag hender det ho tek
kontakt med ein barnehage for å
høyre om ho kan få lov til å teste ei ny
historie på barna der.
Filosofisk reiseI haust inviterte ho og filosof Ingunn
Sira Myhre førskulebarn og barne-
familiar med på ei filosofisk og
eventyrleg reise på jakt etter visdom.
På ferda fekk borna høyre mytar og
eventyr, dei fekk undre seg, tenkje
høgt og snakke om både store og små
tema med utgangspunkt i histori-
ene. I 2010 sette dei opp prosjektet
for førskulebarn på Tou Scene i
Stavanger med støtte frå Kultur-
byfondet i Stavanger og Tou Scene.
Etter den tid har prosjektet blitt sett
opp fleire stader i Stavanger, og no
i haust var det Sandnes og Randa-
berg sin tur. Prosjektet i haust var
støtta av Norsk kulturråd, Sandnes
kulturhus og Randaberg kommune.
Gjennom ei reise til Edderkoppsko-
gen, via Solslottet og til Hulen under
havet, skal borna bli flinkare til å
reflektere og uttrykke seg kreativt i
samspel med vaksne og andre barn.
I prosjektet er ein innom tema som
kjærleik, sanning og løgn, forandring
og forvandling.
-Er forteljarkunsten på veg bort?
-Mykje av den naturlege biten av
det er langt på veg det. Når me var
på ferie før, hadde me ei forteljing
å vise fram då me kom heim, no har
me allereie fortalt ho digitalt med
bilete og litt tekst. Det er blitt den
nye forteljinga. Det som ein derimot
ser ein vekst i, er at ein får fleire
profesjonelle forteljarar som driv med
dette som fag.
-Me i Austrått barnehage
opplevde filosofi og forteljing-
opplegget som ei flott og minnerik
oppleving for barn og vaksne.
Barna blei møtt med undring og
fekk vere med å undre seg sjølve.
Vaksne blei i forkant informert
om kva filosofi for barn var og
korleis me kunne vere delaktige.
Omskapinga av romma, stem-
ningen, fargane og effektane
gjorde dette til ei heilt magisk
stund, fortel pedagogisk leiar
Elisabeth Selvig.
EG OG PONTUS GÅR FOR GULLAv Odd Nordstoga
Illustrert av Rune Markhus
Gyldendal 2013
Det er store
forventningar
når vise-
songar Odd
Nordstoga
kjem med si
første barne-
bok. Ikkje
overraskande
er heile hand-
linga lagt
opp som eit dikt med både rim
og rytme. Tanken om at ein skal
kunne synge seg gjennom den
rike historia, er god, men likevel
vil lesaren kome over fleire
stadar der teksten haltar litt og
trongen til å finne naudrim blir
litt for stor.
Boka har eit godt særpreg, ho
er solid i forma og god å bla i.
Framsida kan nesten gje oss eit
retro-preg, der mannen og kat-
ten spring ned ei veldig lang og
bratt trapp. Kva har skjedd, tru?
Mannen og katten Pondus
kjem til kongens by. Her vil
dei gjerne spele opp til dans,
men det blir det ingenting av.
Kongen har bestemt at det ikkje
er lov med musikk og song,
difor hamnar Pontus og eigaren
rett ut porten. Sjølv om teksten
somme stadar har eit språk
og ein biletbruk som er vel
vaksen for dei minste lesarane,
vil nok også dei fylgje spent
med i handlinga. Dramatik-
ken tek seg opp då Pontus
og mannen bryt seg inn
hjå kongen for å stele. Det
resulterer i ei ekte tjuvjakt,
og etter kvart byggjer det
seg opp eit aldri så lite
folkeopprør i byen; det er
nemleg fleire som ynskjer
seg musikk på torget.
Nordstoga skriv om både
ytringsfridom og kunst-
narleg fridom, og han har
laga ei god og engasjerande
forteljing. Teikningane til
Rune Markhus er gode til å gå
i dialog med handlinga. Dei
yngste lesarane vil nok kose
seg med katten, som heilt klart
er han som styrer utviklinga i
handlinga, og som kjem med
dei gode ideane.
Judith Sørhus Litlehamar
BokmeldingTIPS TIL BARNEHAGAR:
• Skap ei munnleg forteljing med utgangs-
punkt i ei skriven historie.
• Vel ei kort historie du likar
• Les ho eit par-tre gonger
• Legg vekk teksten og gjenfortel historia høgt
for deg sjølv med dine eigne ord. Fortel ho
høgt fleire gonger, heilt til du kan ho godt.
• Sjå i historia om du får idear til korleis barna
kan vere med på å gjere til dømes rørsler og
lydar. At barna får delta på denne konkrete
måten, inkluderer dei på ein god måte,
meiner eg.
• Fortel historia for nokre få barn i ei spontan
forteljarstund. Borna sine reaksjonar på
historia kan gje gode idear du kan bruke når
du skal jobbe vidare med ho.
• Når du har øvd deg og testa ut historia, er
ho klar for storsamlinga. Her er nokre forslag
til korleis du kan skape ro før forteljinga
startar: tenn stearinlys, bruk ei meditasjons-
klokke som start og slutt for forteljinga,
eventyrregle som start og slutt på fortelj-
inga, trekk ein eventyrskatt frå forteljinga
opp av ei kiste, ein hatt eller koffert.
EG OG PONTUS GÅR FOR GULLAv Odd Nordstoga
Illustrert av Rune Markhus
Gyldendal 2013
Det er store
forventningar
når vise-
songar Odd
Nordstoga
kjem med si
første barne-
bok. Ikkje
overraskande
er heile hand-
linga lagt
opp som eit dikt med både rim
og rytme. Tanken om at ein skal
kunne synge seg gjennom den
rike historia, er god, men likevel
vil lesaren kome over fleire
stadar der teksten haltar litt og
trongen til å finne naudrim blir
litt for stor.
Boka har eit godt særpreg, ho
er solid i forma og god å bla i.
Framsida kan nesten gje oss eit
retro-preg, der mannen og kat-
ten spring ned ei veldig lang og
bratt trapp. Kva har skjedd, tru?
Mannen og katten Pondus
kjem til kongens by. Her vil
dei gjerne spele opp til dans,
men det blir det ingenting av.
Kongen har bestemt at det ikkje
er lov med musikk og song,
difor hamnar Pontus og eigaren
rett ut porten. Sjølv om teksten
somme stadar har eit språk
og ein biletbruk som er vel
vaksen for dei minste lesarane,
vil nok også dei fylgje spent
med i handlinga. Dramatik-
ken tek seg opp då Pontus
og mannen bryt seg inn
hjå kongen for å stele. Det
resulterer i ei ekte tjuvjakt,
og etter kvart byggjer det
seg opp eit aldri så lite
folkeopprør i byen; det er
nemleg fleire som ynskjer
seg musikk på torget.
Nordstoga skriv om både
ytringsfridom og kunst-
narleg fridom, og han har
laga ei god og engasjerande
forteljing. Teikningane til
Rune Markhus er gode til å gå
i dialog med handlinga. Dei
yngste lesarane vil nok kose
seg med katten, som heilt klart
er han som styrer utviklinga i
handlinga, og som kjem med
dei gode ideane.
Judith Sørhus Litlehamar
BokmeldingTIPS TIL BARNEHAGAR:
• Skap ei munnleg forteljing med utgangs-
punkt i ei skriven historie.
• Vel ei kort historie du likar
• Les ho eit par-tre gonger
• Legg vekk teksten og gjenfortel historia høgt
for deg sjølv med dine eigne ord. Fortel ho
høgt fleire gonger, heilt til du kan ho godt.
• Sjå i historia om du får idear til korleis barna
kan vere med på å gjere til dømes rørsler og
lydar. At barna får delta på denne konkrete
måten, inkluderer dei på ein god måte,
meiner eg.
• Fortel historia for nokre få barn i ei spontan
forteljarstund. Borna sine reaksjonar på
historia kan gje gode idear du kan bruke når
du skal jobbe vidare med ho.
• Når du har øvd deg og testa ut historia, er
ho klar for storsamlinga. Her er nokre forslag
til korleis du kan skape ro før forteljinga
startar: tenn stearinlys, bruk ei meditasjons-
klokke som start og slutt for forteljinga,
eventyrregle som start og slutt på fortelj-
inga, trekk ein eventyrskatt frå forteljinga
opp av ei kiste, ein hatt eller koffert.
fbaargang2014 fbseksjonKIR