Basis i kvardagen
Styrar i Frøysland barnehage, Inger-Lise H.
Askildsen, meiner løvelova og resten av opp-
legget i Være Sammen er viktig for samspelet
mellom borna og dei vaksne. Frøysland
barnehage var ein av barnehagane som fekk
vere med i pilotprosjektet, og fekk dermed
vere med på å sy programmet saman.
Me sakna eit program som kunne liggje
i botn av alle fagområde; om det var matte,
språk eller fysisk aktivitet. Det er viktig med
relasjonar og kommunikasjon i alle aktivi-
tetar. For oss fungerer programmet slik at
det gjev oss ein basis i pedagogikken, me
kallar oss sjølve for ein løvebarnehage, seier
Askildsen.
Ho forklarer at programmet ikkje vil
stoppe opp, men vere i stadig utvikling i
barnehagen. Ofte tek dei opp att tema dei
allereie har vore gjennom, eller det kjem nye
tilsette som treng ei innføring. Programmet
legg dessutan til rette for at dei tilsette skal
få tid til å utvikle eigarskap til programmet
før det blir introdusert for born og foreldre.
Løvelova gjeld
Hjå Frøysland barnehage er løvebamsen og
løvelova ein heilt naturleg del av kvardagen.
Me ser at borna løyser konfliktar med å
vise til løva. Slik ville løva ha gjort det, seier
dei. Eller løva får lov til å vere med i spesielle
situasjonar og leikar. Borna viser til at løve-
lova seier at dei skal dele og tenkje på andre.
Innhaldet i programmet er også synleg
i dramatiseringar, formgjevingstimar og
utstillingar som borna lagar. Kort fortalt er
løva og programmet til stades i alle ledd i
barnehagen, meiner Askildsen.
Kva for nokre barnehagar passar opp-
legget for?
Eg meiner dette er noko alle barnehagar
kan ha nytte av. Som sagt er ikkje temaa
revolusjonerande, men det er godt å få sett
det heile i system og få sett ord på kva som
påverkar relasjonane mellom oss.
Mitt tips er at ein tek seg god tid med
opplegget, og ikkje tenkjer at ein skal klare
det på eit år, seier Inger-Lise H. Askildsen.
LØVELOVEN
Kan du løveloven?
Jeg skal være meg.
Men gi plass til andre
Slik at de blir seg.
Bry meg om en annen
Hjelpe når jeg kan.
Slik blir livet bedre
For barn i alle land
Ser du en som plages.
Det er ikke bra!
Alle må stå sammen
Om å si ifra.
Alle barn på jorden
Har den samme rett
Til å være trygge
Og til å være sett.
Eyvind Skeie,
Være Sammen 2010
Styrar i Frøysland
barnehage, Inger-Lise H.
Askildsen, meiner løvelova
og resten av opplegget i
Være Sammen er viktig for
samspelet mellom borna og
dei vaksne
MARI OG MAGNUS HOS BESTEMOR
Av : Ruth Lillegraven og Inger Landsem
Samlaget 2014
Dette er fjerde boka om Mari og
Magnus. No skal dei overnatte
borte for første gong. Heldigvis
er det hjå bestemor og hunden
Rusken, så det er ikkje så veldig
skummelt. Dette er ei konsen-
trert, varm og fin historie som
speglar små augneblinkar i
kvardagen på ein god måte. Hjå
bestemor kan dei sove på hem-
sen, dei får bake bollar og passe
dei små lamma som bur i løa.
Mari og Magnus ringer heim
for å seie god natt og kosar seg
hjå bestemor. Men midt på
natta vaknar Mari av noko
varmt som ligg oppå føtene.
Kva kan det vere? Somme
gonger kan det vere godt
å få litt ekstra trøyst av
bestemor når ein søv borte
for første gong.
Mange små lesarar vil la
seg sjarmere av dei jord-
nære historiene om Mari og
Magnus. Her er bileta far-
geglade og rike på detaljar,
og mange av dei minste vil
kjenne seg att i utfordringane
som Mari og Magnus møter. I
dei andre bøkene opplever dei
til dømes å få seg katt og møte
ein smokketjuv.
Judith Sørhus Litlehamar
SIRKUS SPETAKKEL
Av: Kari Smeland
Samlaget 2014
Vesle Ada er på landevegen med
dei to rufsete sirkusonklane sine,
Mikko og Rasmus. Dei to onklane
er ekte klovnar, og saman reiser
dei rundt med Sirkus Spetak-
kel. Ada er ikkje heilt som andre
jenter; ho går ikkje på skule, og
ho bur ikkje saman med foreldra
sine. Heldigvis har Mikko og
Rasmus lært henne å lese, men
gangetabellen får ho nok aldri
lære, sidan klovnane ikkje er
spesielt glade i tal.
På landevegen møter det
vesle sirkuset mange utfor-
dringar, særleg når den ekle
sirkusdirektøren Rottekjeften vil
ha Sirkus Spetakkel vekk frå ve-
gen. Dermed byrjar kampen om
sirkustrona og jakta etter ei mor
som Ada ikkje kan hugse. Kan
det vere sant at ho har ei mor
som er sirkusdronning og ein far
som bur på ei aude øy?
Historia som Kari Smeland har
skrive, er varm og truverdig. Ho
handlar om vennskap, om fel-
lesskap og om saknet etter for-
eldre. Kampen mellom det gode
og det vonde står sentralt; kven
vinn kampen om sirkustrona?
Det er mykje tekst i boka,
og illustrasjonane klarer ikkje
alltid å gje oss dei pusteromma
me kanskje treng i lesinga.
Samstundes er det god flyt og
eit godt språk i boka.
Boka passar best for dei mel-
lom 9 og 12 år.
Judith Sørhus Litlehamar
Bokmelding
fbaargang2014 fbseksjonKIR