38 < Fagbladet 2/2015
Ei l åg vintersol fl øymer inn vindauga
i dei rommelege
lokala med kafeteria i eine
enden. Dei er seks i bowlinggjengen
denne formiddagen.
Øivind Bergstrøm (95) har spelt bowling
før også, den gongen han var yngre
og sprekare. Reidun Hareide (78) er på
dagsenteret nokre dagar i veka. Ho har
stor moro av å spele. Bjarne Kaldsnes
(73) fører nøye rekneskap over poengsummar
og kven som
står for tur til å kaste.
Hagny Volle Osnes
(95) blir like glad og
overraska kvar gong
det er hennar tur, og
får hjelp av aktivitetsleiar
Torill Botnen til
å stå på rett plass. Det
velretta kastet som haustar jubel er det
Steinar Johan Skoge (65) som står for.
Imponerer ungdommane
På veggen midt imot hjørnesofaen heng
ein stor tv-skjerm. Det er der det skjer.
Bildet viser ei bowlingbane med kjeglene
oppstilt. Midt mellom skjermen
og sofaen er det plastra eit kryss på golvet
som indikerer den perfekte posisjonen.
Spelaren parkerer rullatoren ute
av vegen og strekkjer høgre arma ut til
sida for å «hente» kula. Så gjeld det å
få rette bøyen i knea og sleng på arma
for å sende den virtuelle kula med passe
kraft mot kjeglene. Lyden av kula
over bana og når den treff kjeglene er
som i ein bowlinghall. Det er engasjementet
til spelarane også.
– Vi har ofte besøk av elevar frå ungdomsskulen
som spelar med oss. Dei er
imponerte over dei eldre, at dei spelar
dataspel og kor gode dei er, smiler Torill
Botnen. Som aktivitetsleiar er ho heile
tida på leit etter ting som kan aktivisere
og engasjere bebuarane på sjukeheimen,
i omsorgsbustadane
og brukarane av
dagsenteret. Dataspel
starta dei med for eit
par år sidan, som ein
del av Velferdsteknologiprosjektet
på
Sunnmøre som Ulstein
kommune er
med i. Det er ein formidabel suksess.
– Spelarane får trim for både kropp
og hjerne, og så er det veldig artig også,
ler ho, etter nettopp å ha hanka inn
dobbel poengsum og ekstra kast med
ein straight.
– Eg får mykje trening fordi eg spelar
med så mange grupper, legg ho unnskyldande
til.
Lite utval
Det er bowlingspelet som er mest populært.
Dei har prøvd med andre også,
som bilspel, men det fungerte ikkje like
godt; tempoet vart for høgt. Men Bot-
TRIM OG MORO: Lyden
av kula på veg mot
kjeglene er akkurat som
i ein vanleg bowlinghall.
«Spelarane får trim
for både kropp og
hjerne, og så er det
veldig artig også.»
Torill Botnen, aktivitetsleiar nen håper og trur at dei snart får
fl eire spel å velje i:
– Det har vore ein augeopnar for oss
som jobbar her å sjå kor rekrutterande
og engasjerande dette dataspelet
er; det har gitt oss eit heilt nytt syn på
velferdsteknologi, seier ho. Tidlegare
har ordet hatt ein negativt klang hos
helsepersonalet; maskiner kan ikkje
erstatte menneskeleg omsorg og pleie.
– Det er ikkje det dette handlar om,
men om å bruke ny teknologi for å gi
folk ein betre kvardag, seier ho, og
legg til ei klar melding:
– Dataspel tilpassa eldre må vere ei
fenomenal vekstnæring, berre dei som
lagar slike spel oppdagar det!
Bravo! Det kjem høge hurrarop og klapping ved
Ulstein sjukeheim. Bowlingkula har akkurat
meia ned ni av ti datakjegler.
på sjukeheimen
DATAMORO Tekst og foto: MAY BRITT HAUKÅS
fbaargang2015 fbseksjonHEL