40 < Fagbladet 2/2015
Lærer med Mopp og Mikko
I Ølensjøen FUS barnehage har dei tilsette forstått verdien av å formidla bøker om igjen.
Til glede for barna finn dei vaksne nye og spennande måtar å fortelja historia på.
Av : Sv e i n Ol A v B. l A n g å k e r | F O t O : l e S e S e n t e r e t
– Kva er det Mopp og Mikko
elskar for noko?
– Dyr!!! ropar ungane i Ølensjøen
FUS barne hage.
– Sjå her, då! Kva er dette for
noko?
– Ein pusekatt!!!
Det er samlingsstund på
småbarnsav delinga. Vibecke
Gundersen har med seg mange
dyr, bokfigurane Mopp og Mikko
– og mange spørsmål om kva dyra
heiter og kva dei gjer på.
Sidan våren 2014 har Ølensjøen
FUS barne hage samarbeidd med
Lesesenteret om eit utviklingsprosjekt,
der dei aktivt nyttar lesing
som utgangspunkt for språkstimulering
for dei yngste barna.
– Barn elskar repetisjon, og
repetisjon er òg nødvendig for
språklæringa. For kvar gong
ei bok blir formidla om igjen,
møter barna språket på ny. Dei
får bekrefta det dei veit, dei får
bruka språket og dei får utvida
erfaringane sine, seier Trude Hoel
ved Lesesenteret ved Universitetet
i Stavanger.
Nasjonalt døme
Ho håpar at prosjektet i Ølensjøen
FUS barnehage blir eit eksempel
til etterfølging for andre norske
barnehagar.
– Me har sett at dei av ungane
som var stille og rolege, har blitt
ivrige i samlingsstunda og prøver
å delta i samtalar så godt som dei
klarer, seier Vibecke Gundersen.
Ho er tidlegare spesialpedagogisk
leiar i Ølensjøen FUS Barnehage.
Ho forklarer at ikkje alle barna
har utvikla språket sitt enno, men
at dei plukkar opp lydar og etterliknar
dei så gode som dei kan.
Det er 16 barn frå alderen 0-3
år som har deltatt i dette prosjektet.
Dei har mellom anna lært
mykje om ulike dyr av «Mopp og
Mikko», og dei har vore på handel
i butikken med figurane. For kva er
fbaargang2015 fbseksjonKIR