Fagbladet 2/2015 < 41
Wenche With debuterer med ei
spanande god natt - forteljing
som passar best for dei mellom
tre og seks år. Ho gir oss
oppskrifta på korleis ein kan
fange den skumle haien som
gøymer seg på soverommet og
kjem fram akkurat når du skal
sove. Haien som har skarpe
tenner og som dukkar opp når
du eigentleg skulle sove søtt.
Men ingen fare, når barnevakta
til vesle Puddingen viser
seg å vere ein ekte monsterkokk.
Pia veit nemleg forskjellen
på vanleg hai og vriomhai,
ho veit at ein treng berre eit
glas vatn og ei sitron for å
lage ekte hai-te. Og haien på
soverommet til Puddingen går
sjølvsagt rett i fella.
Teikningane er akkurat så
mørke og skumle som dei skal
vere for å halde oppe spenninga
i historia, samstundes
forstår nok også dei minste
lesarane at haien eigentleg
ikkje fi nst. Innimellom dei
mest dramatiske teikningane
ser me også Puddingen og
Pia på kjøkkenet, med ei ause
som våpen og eit dørslag som
hjelm.
Dei fl este av oss har vel
høyrt rare lydar og sett skumle
skuggar etter leggetid. Denne
boka gir oss oppskrifta på
korleis ein kan ufarleggjere
det heile. Kanskje blir det litt
lettare å sove etter denne
historia?
Judith Sørhus Litlehamar
Elisabeth Moseng har tidlegare
illu strert bøker for både Erna
Osland og Bjørn Sortland,
dette er hennar debut som
forfattar. Det er ingen tvil om
at streken og illustrasjonane
er det sterkaste ved denne
biletboka, det er dei som ber
historia og formidlar den gode
forteljinga.
Moseng klarer også å bruke
orda og setningane som
grafi ske element. Setningane
svingar seg langs halsen på
dino sauren, dei hoppar over
eit fjell og skyt ut i verdsrommet
i rakettfart. Ho blandar
også ord med små og store
bokstavar, noko som gjer
høgtlesinga lettare då lesaren
får vite kor trykket i setninga
ligg.
Historia er enkel, men også
så universell. Den vesle guten
som snart skal bli storebror, og
som har fl eire spørsmål enn
svar. Han som trur at han blir
så sterk at han kan løfte eit
hus, berre han blir storebor,
eller så rask at han kan hoppe
over eit fjell kanskje?
Men kva med mor og far,
vil mor framleis kitle han slik
at han nesten tissar på seg,
og vil faren framleis vere
hesten hans? Og kva skal han
heite? Supermann? Sjefen?
Eller kanskje berre Storebror?
Det er både skremmande
og spanande å tenkje på livet
som storebror. Biletboka passar
for både dei yngste og litt
eldre borna. Teikningane og
tekstelementa er såpass enkle
at dei treff dei minste best,
men handlinga gir truleg ein
ekstra dimensjon til dei som
sjølve skal bli storebror eller
storesøster.
Judith Sørhus Litlehamar
BOKMELDINGAR
Av: Wenche With
Illustrert av Jens Kristensen
Mangschou 2014
Av: Elisabeth Moseng
Mangshou 2014
MONSTER-KOKKENE
LAGER HAI-TE
NÅR EG BLIR STOREBROR
eigentleg å handla? Kvifor må me handla?
Og kva kan ein handla?
– Imponert
Omsorgsassistent Jeanine Eide synest det
er viktig å framheva at det er mogleg å
ha med bøker på småbarnsavdelinga òg.
Ho sydde Mopp og Mikko-tøydokker som
ungane vil ha med seg.
– «Mopp og Mikko»-bøkene er veldig
enkle, men eg har blitt imponert over alt
ein kan dra fram frå dei. Eg kjente sjølv
at eg blei inspirert av det, seier ho. Med
bøkene har ein noko enkelt tilgjengeleg
som ikkje krev så mykje planlegging.
No i vinter har dei byrja å jobba med
Lars-bøkene til Svein Nyhus; «Lars er Lars»
og «Lars er ikke».
– Då får me læra om kroppen, læra
namnet på kroppsdelar og telja fi ngrar og
tær, seier Jeanine som no har sydd ei Larsdokke
til avdelinga deira.
Trude Hoel ved Lesesenteret rosar måten
barnehagen bruker bøker på. Han rådar
andre barnehagar til å jobba systematisk
med lesing og registrera leseaktivitetane.
Kor mange gongar tek barnet initiativ
til å lesa sjølv? Kor lenge sit barnet med
ei bok? Spør barnet ein vaksen om å lesa?
Takkar barnet ja til eit tilbod om å lesa ei
bok saman med vaksen? Vel barnet konsekvent
bort leseaktivitetar?
Ho meiner dette kan gi større medvit
om barnehagen sin eigen lesepraksis.
Sjå video frå barnehagen på Pirion.no
Kvifor skal me
lesa saman med ungane?
- språkstimulering
- innpass i ein lese- og skriftkultur
- lyst til å lesa meir
- erfaringar med skrift og bilde i bruk
- forståing
- nærleik og felles opplevingar
- felles kulturelle referansar
- vekkjer undring og stimulerer fantasien
- kunstopplevingar
fbaargang2015 fbseksjonKIR