40 < Fagbladet 2/2015
– EITTÅRINGANE ER NØKKELEN
– Det er eit for stort gap mellom
den kunnskapen me har og den
pedagogiske praksisen. Me har
denne sanninga om: La barn
vere barn. Men ein gjer ungane
ei bjørneteneste og dei kan ende
opp med å gå glipp av viktige
sansestimuleringar, seier Heidi
Aabrekk til Framtida.no.
Nominert til
Årets Gründer
Spesialpedagogen har utvikla
Bravo-leken, som er språk
og sansestimulering for barn i
alderen 0-3 år. Målet er tidleg
førebygging av lese- og
skrivevanskar gjennom fysisk
leik og sanseintrykk. Leik med
bokstavar, ord og aktivitetar
skal stimulere både språk og
motorikk.
Med bedrifta Intempo vann
Heidi Aabrekk kåringa av Årets
Gründer i regi av Framtidsfylket
Sogn og Fjordane.
Bedrifta hennar har tel i dag
tre tilsette og hovudkontor på
Sandane.
I 2012 vart verksemda teken
opp i FERD Sosiale Entreprenører,
som støttar utvalde prosjekt der
dei sosiale resultata er viktigast.
Intempo auka med 47 prosent
i fjor og omset for om lag ein
million i året, men er framleis
avhengig av støtte.
Sonen Simen
Inspirasjonen til produktet fekk
ho frå utanlandske fagmiljø som
set hjerneutviklinga i fokus, då
ho sjølv fekk ein hjerneskada son
i 2004.
Prognosane for utviklinga til
sonen Simen var dårlege. Etter eit
år fekk dei høyre om eit treningsopplegg
som fokuserte på ernæring,
motorikk, sanse stimulering,
tryggleik og kognitiv utvikling.
Det var denne treninga som gav
Simen fantastisk utbytte – og
mor inspirasjon.
– Simen var blind, men fekk
synet tilbake via sansestimulering.
Han lærte å lese då han var
2,5 år, og i dag kan han notar
og komponerer musikk. Då eg
såg kva denne treninga gjorde
for Simen, tenkte eg at dette må
fl eire få vite, seier Aabrekk til
Framtidsfylket.no
Ho forankra dei nye ideane i
nyare norsk hjerneforsking og
tradisjonell pedagogikk.
– Kan ikkje halde på slik
Ifølgje Aabrekk har ikkje den
pedagogiske tradisjonen vore
klar over kor stor utviklinga har
vore i aldersgruppa opp til tre
år. No har norske hjerneforskarar
Gründer Heidi Aabrekk
meiner utviklinga til dei
minste har vore undervurdert
i pedagogikken.
Med Bravo-leken vil
ho førebyggje lese- og
skrivevanskar før borna
er tre år.
AV : AN D R E A RY G G NØ T T V E I T
– EITTÅRINGANE ER NØKKELEN
fbaargang2015 fbseksjonKIR