42 < Fagbladet 2/2015
Kultur, språk og litteratur
På nettsida vår kan du og lesa om Pirionkurs: Korleis kan vaksne bli
medvitne brukarar og formidlarar av språk , kultur og identitet?
Faste spalter:
BOKPRAT | MIN BARNEHAGE | LES FOR MEG | AKTUELT
www.pirion.no
facebook/pirion @avisapirion for deg som jobbar med barn
I Bokstavsommaren hentar Styrk bokstavskattar opp frå havet til veslesyster
Zara. Det er utgangspunktet for 29 tekstar med tilhøyrande opplegg for bokstavutforsking
i barnehagen.
AV : GU D R U N KL Ø V E J U U H L O G SV E I N OL A V L A N G Å K E R , I L L U S T R A S J O N: I N G E R L I S E BE L S V I K
Gjennom ein heil sommar
er Zara og Styrk i
lag ved sjøen. Storebror
Styrk snorklar, og fi nn ein
ny skatt kvar dag, som
ålekvabbe, o-skjel og
fl yndre.
Det fi nst ein tekst for
kvar bokstav, slik at ein
kan velja sjølv kor mange
eller få bokstavar ein
arbeider med.
– Ungar i barnehagen
skal verta kjende med
bokstavane, det står i
rammeplanen, seier Trude
Hoel ved Lesesenteret.
Men det har mangla gode
bøker og ressursar som
gjer dette på barnehagen
sine premissar. Det vert selt mykje ressursar
og småbøker frå pedagogiske
forlag, men desse byggjer så veldig
på skulen sine tankar om bokstavopplæring.
Derfor byrja me å pønska, og
saman med Nynorsksenteret fann me
ut at me kontaktar ein forfattar og
lagar noko sjølv, på nynorsk.
Forfattaren er Erna Osland. Frå før
har ho mellom anna skrive fag bøker
for barn om alt som lever under
steinar til bruer og om korleis dyr og
menneske søv.
Høgtlesing
Rådgjevar Liv Kristin Bjørlykke Øvereng
ved Nynorsksenteret fortel meir om kva
ressursen Bokstavsommaren inneheld:
– Det er 29 tekstar, ein til kvar
bokstav i alfabetet, og alle tekstane
er illustrerte av Inger Lise Belsvik. Alt
kjem til å liggja fritt tilgjengeleg på
Internett. Det kjem også til å vera ein
pedagogisk ressurs til kvar tekst som
skal vera ei hjelp for personalet, med
framlegg til leik og aktivitetar med
bokstavar.
Forteljingane er tenkt brukt i ein
høgtlesingssituasjon med samtale.
– Ein les forteljinga i lag med borna
og samtalar om bokstav og bokstavlyd
og om innhaldet i teksten. Ei av forteljingane
handlar om fl yndra, F-teksten,
der kan det også kome fram at dette er
«bokstaven» til Fredrik i barne gruppa
eller til farfar.
Då kan ein fi nna og samtala om
bokstavar i eige namn. Ein kan òg
fi nna ord som byrjar på F, og laga
desse tinga i ulikt materiale.
Ressurspakke
Det kjem dessutan til å vera ein biletbank,
med bilete av ulike artar som
vert nemnde i teksten. Dette er tenkt
som ein ressursbase, der det kjem til
nye ting etter kvart.
Kvifor er det eit poeng å bruka nynorske
tekstar når ein arbeider med
bokstavane i barnehagen?
– Alle barn i Noreg skal møta det
språklege mangfaldet med nynorsk og
bokmål, så Bokstavsommaren passar
for alle. Barnehageungar som skal ha
nynorsk som hovudmål, møter ofte lite
nynorsk før dei byrjar på skulen, så for
dei er det ekstra viktig at barnehagen
let dei møta gode tekstar på nynorsk,
seier Øvereng.
Tekstane ligg tilgjengelege på nett
og kan skrivast ut og eventuelt laminerast
i barnehagen. Bokstav sommaren
vil også koma i trykt utgåve, men det
er ikkje klart kva form dette vil ha.
Sjå meir her: nynorsksenteret.no/
bokstavsommaren
Tips oss på pirion@pirion.no Me vil gjerne ha tips og innspel om det er noko du syns me bør ta opp, eller om du
har tips om bøker me bør skriva om. Sjå og www.pirion.no PiRion
Fiskar bokstavar
i barnehagen
PIRION ER STØTTA AV KUNNSKAPSDEPARTEMENTET, FAGFORBUNDET OG LNK PIRION 2/2015, 16. årgangen – ISSN 1502-3036 Utgivar: Stiftinga Pirion Heimeside: www.pirion.no Ansvarleg redaktør: Svein Olav
L angåker, mobil 94 87 53 65 E -post: pirion@pirion.no Korrektur: Halldis Furre Formg jeving: Salikat design
PIT PARION
fbaargang2015 fbseksjonKIR