– Me har ein veldig viktig jobb å
53 nynorske
barnebøker i 2014 –
av 892 barnebøker
totalt i 2014
barnebøker i 2014 – av 892 barnebøker
totalt i 2014. Særleg låge tal har det
vore for talet på lettlesbøker.
Men no skjer det noko. Talet har
blitt auka med 32 prosent.
– Fram til no har det ikkje eksistert
ein heilskapleg lettlesserie på nynorsk,
og få lettlesbøker på nynorsk i det
heile tatt. No er dei første tolv bøkene
i Leseland-serien lansert, seier Bente
Lothe Orheim, som er forlags redaktør
for barnebøker ved Det norske Sam-
laget.
TestskularI Førde har Flatene skule og Slåtten
skule fått vera med på å testa ut dei
første bøkene i Leselandserien.
– Nynorske lettlesbøker er stor
mangelvare. Difor er denne serien
veldig velkommen, seier rektor ved
Flatene skule, Alvhild Flatjord.
Tidlegare har skulen kjøpt det som
var av nynorske barnebøker, men ikkje
alt har vore tilpassa lesenivå, slik den
nye serien er.
– Me som skriv og snakkar nynorsk
i skulen må jobbe for at elevane sjølv
skal få lov til å gjere det. Me har ein
veldig viktig jobb å gjera. Ungane
Bente Lothe Orheim
er forlagsredaktør i
Samlaget for barne- og
ungdomslitteratur.
Foto: Samlaget
Under lanseringa av
Leselandserien fekk
Flatene skule besøk
av forfattaren Vegard
Markhus. Han har
skrive boka Epleslang i
lettlesserien.
Foto: Flatene skule
Samlaget er klar med
storsatsinga si på nynorske
lettlesbøker. – Ungane tar i mot
bøkene veldig godt, seier barne-
skulelærar Dagunn Kjøsnes.
SVEIN
OLAV
B.
LANGÅKER
Nye tal frå Norsk Barnebokinstitutt
viser at det blei gjeve ut 53 nynorske
blir pepra med bokmål elles, seier
Dagunn Kjøsnes, lærar for 4. trinn på
Flatene skule.
– Lese- og skrivedugleik er
grunnleggande for å kunne delta i
samfunnet og demokratiet, og det er
ein demokratisk rett å ha tilgang til
litteratur på eige mål, understrekar
Bente Lothe Orheim i Samlaget.
Ikkje aldersdeling
I arbeidet med bøkene har Sam laget
gjennomført ei stor undersøking med
formidlarar, leseforskarar, skule og
bibliotek for å kunne utvikle best
mogleg lettlesbøker.
– Her kom det mellom anna fram
at inndeling i nivå etter alder ikkje
var ønskjeleg, sidan ein uavhengig
av alder kan ha ulikt lesenivå. Difor
er Leseland-bøkene nivåinndelt med
utgangspunkt i leseferdigheiter. Av
undersøkinga veit me til dømes også
at det er ønskjeleg at bøkene bør vere
med harde permar, ikkje hefta, seier
Orheim.
fbaargang2015 fbseksjonKIR