«Trua minner
meg på kva deter viktig å være
oppteken av,
og kven si side
ein skal ta.»
«Trua minner
meg på kva deter viktig å være
oppteken av,
og kven si side
ein skal ta.»
Bergen sentrum, kjenner ho seg heime. Her
kjøper ho kaffi og smørbrød, og treff ein og
annan ven som ikkje har hatt det så lett her i
livet.
– All politikk må sjåast frå brusteinen. Eg
er heilt sikker på at Jesus ikkje hadde følt seg
bekvem i Justisdepartementet, seier Oddny
og fnys av både tiggarforbod og «renovasjonspolitikk
».
SV-politkaren sin far var gardbrukar, arbeiderpartimann
og, ifølgje Oddny sjølv, den
mest radikale i heile fjorden. Han hadde ei
meining om det meste, og i potetåkeren
gjekk debatten friskt mellom Ola og den einaste
dottera hans. Men om faren var radikal,
var Oddny det endå meir. 14 år gamal
skreiv ho til Sosialistisk Folkeparti etter
informasjonsmateriell. Tru mot partiet har
ho vore sidan.
– Det kjennest som eg vart fødd sosialist,
seier 60-åringen.
Men det var målsaka som fyrst gjorde
Oddny til aktivist. I gymnastida i Odda var
ho med på dei fyrste læremiddelaksjonane,
for jamstilling av læremidlar på nynorsk, og
sidan kasta ho seg inn i Målungdommen og
Noregs Mållag. Det var her, i målrørsla, ho
møtte mannen sin, Terje.
Endå ho berre var 13 år gamal då ho flytta
heimafrå, er dialekta frå Åkrafjorden like
klingande som før. Noregs Mållag har neppe
hatt ein meir iherdig vervar. Men framleis
manglar det 35 stykk på å nå målet om å ha
verva 500 medlemmer.
– Heile SV si bystyregruppe i Bergen er
medlemmer av Mållaget. Og eg har verva
LO-leiaren. Og Arve Bakke, smiler ho.
Då ho i 20-åra skulle velje kva utdanning
ho skulle ta, var ho oppteken av å finne eit
yrke der ho kunne vere sikker på at ho ville
halde fram med å vere radikal. Valet fall på
sosionomutdanninga. Og via studentorganisasjonen
til Sosionomforbundet kom ho inn
i fagrørsla. Ho har mellom anna vore nestleiar
og fylkesleiar i FO Hordaland. Men då
valkomiteen spurde om ho ville bli FO-leiar,
takka Oddny nei.
– Eg har fagrørsla i mitt hjarte, men eg er
ingen pendlar. Og så hadde eg ungar som
budde heime, veit du.
Det vart SV, og ikkje LO, som trakk det
lengste strået. Men Oddny har ikkje gløymt
kvar ho kjem frå. «Eg trur vi kan få eit SV
som søkjer meir mot fagrørsla,» seier ein
gamal kollega.
Nokon «quick fix» for partiet har ho ikkje
tru på. Oddny trur på godt, ærleg arbeid, og
kjenner seg trygg på at SV sine kjernesaker
– kampen for velferdsstaten, sosial rettferd,
omfordeling, klima og miljø – er det som må
gje partiet gjennomslag og oppslutnad.
– Du har bede SV gå ut av regjering meir
enn ein gong. Vil du støtte eit nytt raudgrønt
regjeringssamarbeid?
– Eit parti som kavar på sperregrensa kan
ikkje ha den luksusen å fabulere om den
slags. No må me komme oss over kneika
som parti. Å snakke om regjeringsmakt no,
verkar litt råflott, synest eg.
Nokon veljarmagnet er ho ikkje, skal vi
tru henne sjølv. Men Oddny Miljeteig er eit
kjært namn i mange leirar. Målrørsla, fagrørsla,
kvinnerørsla, fredsrørsla og bonderørsla
kan alle takke Oddny for lang og tru
teneste. Så har ho òg hatt mange år på seg,
mumlar 60-åringen.
«Oddny finn enorme mengder energi for
saker andre ikkje trur det er mogeleg å vinne,
» seier ein ven og kollega. Men når energien
ein dag tek slutt, har ho gravskrifta klar.
Der skal det stå: «Seks timars arbeidsdag.
Ho var med!»
22 < Fagbladet 5/2015
fbaargang2015 fbseksjonHEL