FOKUS
Mange års virke som sjukehusprest ved Ullevål har ført meg inn
i tallause scener som støttespelar for pasientar, pårørande og
personale. Ikkje sjeldan har desse scenene vore farga av dødsfall.
Magne Stendal
Sjukehusprest ved
Oslo universitetssjukehus
og medlem
av Fagforbundet.
Dr.philos ved Det
medisinske fakultet
ved Universitetet i
Oslo. Avhandlinga
er utgitt i bokform
under tittelen
Medisin frå død til
liv. Les meir: www.
obduksjon.no
Medisin frå døde til levande
Samstundes er dette eit landskap
der moderne medisin har sin dags orden,
og der det under bestemte
premissar ligg til rette for at nyleg
døde pasientar gjennom medisinske
grep kan fremje livsvilkåra for andre
gjenlevande. Eg siktar her til to
ulike verksemder, men som like fullt
har fleire fellesnemnarar: Obduksjon
og nekrodonasjon for transplantasjon.
Obduksjon er namnet på den siste
medisinske undersøkinga, der
hovudsaka er å avdekke årsakene
til dødsfallet og i lys av dette
evaluere den sjukdomsbehandlinga
som pasienten har gjennomgått.
Samstundes er dette det fremste
instrumentet for å overvake
sjukdoms utviklinga i samfunnet.
Nekrodonasjon for transplantasjon
er overføring av indre organ,
hornhinner og anna vev frå døde til
levande pasientar, og der mottakarane
utan slik overføring anten vil
ha svært begrensa livsutsikter eller
betydeleg redusert livskvalitet. Både
ved obduksjon og nekrodonasjon av
indre organ er det tale om relativt
store inngrep i den døde kroppen,
der poenget er å hente ut og
realisere visse verdiar som elles ville
gå tapt. Vi kan her seie at medisinsk
ekspertise gjennom desse
verksemdene dannar eit bruspenn
frå døde til levande pasientar, der
det på ulike vis blir overført livs
fremjande vilkår frå den eine til den
andre kategorien.
I mange tilfelle gjer obdusentane
funn som i større eller mindre grad
korrigerer og/eller supplerer
klinikaren sitt bilete av dødsårsaka.
Likeins finst det mange døme på at
obduksjonen har vore oppklarande
og frigjerande for pårørande i
sorgprosessen. Til samanlikning har
nok nekrodonasjon av organ, celler
og vev for transplantasjon eit
mindre legitimeringsbehov i møte
Er det ei god løysing å skyve synest å vere meir
spørsmålet om samtykke over til ettertrakta i dagens
spesialisthelse
pårørande slik tilfellet er i dag?
teneste. Då er det
landet vart berre 2200 – det vil seie
under fem prosent – gjenstand for
såkalla klinisk obduksjon. Korleis
kan dette ha seg, all den stund det
her dreiar seg om sentrale og til dels
livsviktige innslag i helsetenesta?
Ser vi på det sterke islettet av
naturvitskapleg tenkjemåte og
tradisjon med ein hang etter fakta
og dokumentasjon som langt på veg
har gjennomsyra innretninga av
helsetenesta vår, er det ikkje utan
vidare lett å forstå kvifor ei dokumenterbar
dødsdiagnose, som er
obduksjonens
varemerke, ikkje
med brukarane enn kva tilfellet er
for obduksjon.
Dei fleste av oss forstår betydninga
av at kronisk og kritisk sjuke kan
få nye livskår, i det minste når dette
behovet får eit ansikt i vår eigen
midte – om ikkje før. Men fleire
forhold kallar likevel på undring og
spørsmålsteikn midt oppe i det som
har karakter av å vere sjølvforklarande.
Her skal eg peike på nokre få
av dei.
Begge desse verksemdene er
nokså beskjedne i omfang. Av dei
om lag 46.000 dødsfalla i 2013 her i
kanskje ikkje så
underleg at vi som brukarar av den
same tenesta på den eine sida nøler
med å medverke til den kompetansehevinga
av behandlarane som
obduksjon opnar for, medan vi på
den andre sida i fullt alvor ventar
rådgiving og behandling som er
underlagt solid medisinsk kompetanse
når det gjeld som mest.
Paradokset på dette området er
talande nok.
Bodskapen om verdien av
nekrodonasjon er nok noko enklare
å selje. Men også her er det sprik i
biletet. Å vere positiv til donasjon
40 < Fagbladet 5/2015
fbaargang2015 fbseksjonHEL