Eldrid (6) og dei andre i førskulegruppa gler seg til å læra å lesa.Eldrid (6) og dei andre i førskulegruppa gler seg til å læra å lesa.
BOKMELDINGSJARMERANDE
TANNPINE
Lettlestboka
Tanntrøbbelav Anna
Folkestad gjer det gøy
å lesa.
Besta har så vondt i ei tann!
Men tanna vil ikkje ut, og
Besta vil ikkje til tannle-
gen. Korleis kan Bo hjelpa
Besta ut av tannknipa?
Tanntrøbbel er blant dei
første bøkene i lettlest-
serien Leseland. Bøkene er
tilpassa for born som lærer
å lesa. Tanntrøbbel er på
det første lesenivået, og
har korte og enkle setnin-
gar og berre tre til ti ord
på kvar side. Teksten er
direkte kopla til bilda. Det
hjelper borna å lesa både
tekst og bilde samstundes.
Anna Folkestad er kjent for
bøkene om Unni og Gunni
og Henrik And. No kjem
forfattaren frå Stord med
ein god vri på historia om å
ha tannpine. Med sjarme-
rande illustrasjonar blir det
gøy å lesa.
Meldt av:
Svein Olav Langåker
Anna R. Folkestad
Tanntrøbbel
Samlaget 2015
Populære Pippi
Når Fitjarstølane barnehage er på
biblioteket får ungane sjølv velje
kva dei skal ta med seg tilbake til
barnehagen.
Bøker kjent frå tv-seriar er sær-
leg populære. Ungane finn fram
Albert Åberg, Pippi og Karsten og
Petra. Det går i ein fei og snart er
boksekken full.
Pedagogisk leiar meiner det er
viktig at ungane får sjå mang-
faldet og lærer at dei ikkje nød-
vendigvis treng å kjøpe bøkene.
For barnehagen er bibliotek-
besøka ein del av ei medviten
satsing på språk og kommuni-
kasjon.
– Me har ei lita lesestund kvar
dag og tykkjer det er kjekt med
noko nytt, sjølv om både barn og
vaksne set pris på litt repetisjon,
smilar Tufteland, som set pris på
gode litteraturtips frå bibliote-
karen.
Litteraturen vert ofte knytt
opp til tema i rammeplanen,
som geometriske former, natur,
høg tider eller lokalhistorie om
vikingar.
Sjølv om kommunen har
nynorsk hovudmål medgjev
pedagogen at dei ikkje alltid er
medvitne nok på målforma. No
har bibliotekaren gjort det lettare
med å merke nynorskbøkene med
«I <3 NY».
– Det er viktig å løfta fram
nynorskbøkene, men ein skal ikkje
gå glipp av dei gode lesar
opp levingane på bokmål, under-
strekar Torbjørnsen.
Snedig språksprell
– Bøker og litteratur utvidar
ordforrådet deira, fordi ein bruker
andre ord enn når me snakkar.
Mange tenkjer gjerne at lesing er
noko som høyrer skulen til, men
eg tykkjer eigentleg det er litt
seint å byrje med det då, seier
Tufteland.
Barnehagen jobbar med ein
språkpakke kalla Språksprell, der
ein leikar med ord gjennom mel-
lom anna stavingsdeling og rim.
Denne leiken får dei tilbake-
melding på at kjem godt med når
ungane seinare byrjar på skulen.
Pakken er berre tilgjengeleg på
bokmål, noko Tufteland tykkjer er
særleg utfordrande når dei jobbar
med rimord.
Sosialt snakk
I høgtlesinga vert tekstane stort
sett omsett til dialekt av den
vaksne som les.
Lesing i små tilpassa grupper
bidreg til nærleik mellom barn og
vaksne. Lesestunda og dialogen
rundt kan òg nyttast i det sosiale
arbeidet om det oppstår konflik-
tar i barnegruppa. Dei får trening
i empati og fantasi.
Barnehagen nyttar seg òg av
Snakkepakken – eit pedagogisk
språkverkty som kjem godt med
for å konkretisera når ungane
skal læra ord og omgrep. Pakken
er utvikla spesielt med tanke på
born med eit anna morsmål og
inneheld mellom anna dokker,
dyrefigurar, frukt og fargerike
bilar, ulike stoff og former.
Hugs humor!
Barnehagen byrjar med enkle
forteljingar for dei minste borna
– gjerne med visualiser ing – og
tek det gradvis vidare til dei
eldste borna kan høyra historier
kapittelvis utan bilete. Slik får dei
trena hukommelsen og forstå-
inga. Både læring og oppleving
er viktig.
– Me les ikkje berre for å lesa.
Bøker kan brukast til så mykje.
Det sosiale og det språklege heng
saman, men me må passa på at
me får inn humoren, slik at ikkje
bøker berre vert ein alvorleg ting,
meiner Tufteland.
fbaargang2015 fbseksjonKIR