PIT PARION
Oppmodar fartil å lesa for borna
Bibliotekar Silje Vågen Torbjørnsen er lærarutdanna og brenn for leseglede blant dei yngste.
Bibliotekar Silje Vågen Torbjørnsen saknar fleire
mannlege leseførebilete.
ANDREARYGGNØTTVEIT
–
Det er viktig at foreldra tek sin del av
ansvaret for lesinga, særleg far, som har
stor påverkingskraft, spesielt på gutane,
meiner Silje Vågen Torbjørnsen Våge ved
Fitjar Folkebibliotek.
Mor på biblioteket
Som bibliotekar ser ho at det er ei over-
vekt av mødrer som tek ansvar for å ta
borna med på biblioteket. At ungane kjem
seg på biblioteket er sjølvsagt flott, men
Torbjørnsen skulle ynskja fleire fedrar kom.
Torbjørnsen meiner dette kan ha
samanheng med at mor gjerne tek seg av
lesing og andre skulerelaterte aktivitetar,
medan far tek større del i andre fritidsaktivitetar.
–
Eg veit ikkje om det er eit mønster, men
dei snakkar jo om at gutane er taparane i
skulen, peikar den lærarutdanna bibliote-
karen på.
Ho oppmodar difor mødrene til å
trekkje seg litt tilbake, og gje rom for far i
leseopplevinga.
I ein engelsk studie frå 2009 svara
britiske 15-åringar at personar i familien var
den viktigaste leseinspirasjonen. Deretter
følgde vener og lærarar.
Ei anna studie synte at engelske fedrar
les stadig mindre for borna sine, fordi dei
ikkje hadde tid og overskot.
– Me er førebilete for ungane våre, men
me manglar desse mannlege førebileta,
seier bibliotekaren uroa, og legg til med eit
smil: – Så ideelt sett skulle eg ynskje at eg
var ein mann som stod her og sa dette.
Gutelesnad
Norske jenter gjer det betydeleg betre enn
gutar i lesing, noko som ikkje har endra seg
særleg sidan den første PISA-undersøkinga.
Ifølgje desse studiane les halvparten
av norske gutar på 15 år frivillig kvar dag,
medan kring 70 prosent av jentene gjer det
same. Desse tala uroar mange.
Bibliotekaren peiker på at gutar les,
men at dei kanskje les andre ting enn
jentene. Det er til dømes mykje tekst i data-
spel. Ho meiner likevel at romanen og opp-
levinga ein får der, er ein verdi i seg sjølv.
Den skal tidleg lesast for…
Bibliotekaren peiker òg på at ungar som får
gode opplevingar med bøker tidleg, vert
lesande vaksne.
Forsking underbyggjer dette, og syner
i tillegg at høgtlesing styrkar utviklinga av
både talespråk og lese- og skriveferdig-
heiter.
Det syner seg òg at foreldre med lågare
sosioøkonomisk status bruker mindre tid
på bøker – både sjølv og saman med borna.
– Det er nokre forskjellar der som ikkje
har utjamna seg, men gode lesekunn-
skapar er stadig viktigare, fordi alt
går føre seg på tekst, understrekar
Torbjørnsen.
Kultur, språk og litteratur
På nettsida vår kan du og lesa om Pirionkurs: Korleis kan vaksne blimedvitne brukarar og formidlarar av språk, kultur og identitet?
Faste spalter:
BOKPRAT | MIN BARNEHAGE | LES FOR MEG | AKTUELT
www.pirion.no
facebook/pirion@avisapirionfor degsom jobbar medbarn
Tips oss på pirion@pirion.no Me vil gjerne ha tips og innspel om det er noko du syns me bør ta opp, eller om du
PiRion
har tips om bøker me bør skriva om. Sjå og www.pirion.no
PIRION ER STØTTA AV KUNNSKAPSDEPARTEMENTET, FAGFORBUNDET OG LNK PIRION 4/2015, 16. årgangen – ISSN 1502-3036 Utgivar:
Stiftinga Pirion Heimeside:
www.pirion.no Ansvarleg redaktør:
Svein Olav
Langåker, mobil 94 87 53 65 E-post: pirion@pirion.no Korrektur: Halldis Furre Form gjeving: Salikat design
fbaargang2015 fbseksjonKIR