Tekst: RAGNHILD HEYERDAHL Foto: SISSEL M. RASMUSSEN
– All politikk må sjåast frå
brusteinen, seier Oddny Miljeteig,
den nye nestleiaren i SV.
Kjerringaingen
kunnemålbinde
Namn: Oddny Miljeteig
Alder: 60 år
Aktuell som: Ny nestleiar i SV.
Oddny Miljeteig er opprørt. Det er ho
ofte. Regjeringas forslag om eit nasjonalt
tiggarforbod fått SV-hjartet til å banke endå
hardare. Ikkje berre ville dei forby menneske
å be om hjelp, dei ville og kriminalisere
dei som hjelper tiggarane. Då måtte dei nok
ha fengsle Oddny fyrst.
Det er rommeleg både i lommene og i hjartet
til Oddny Miljeteig. Då Strax-huset, eit
lågterskeltilbod for rusavhengige i Bergen,
skulle flyttast, føreslo SV-politikaren at dei
skulle få dei lågaste etasjane i rådhuset. Ryktet
vil ha det til at Oddny har vore med på å
skjule asylsøkjarar. På det punktet er ho ordknapp.
Men kampen for dei utstøtte og dei
svakaste har alltid vore Oddny sitt varemerke.
– Det er derfor me sosialistar trengs.
Ho er «heile Bergens sosialistiske mor»,
skal vi tru SU-leiar Nicholas Wilkinson. Sidan
2003 har Oddny Miljeteig vore gruppeleiar
for SV si bystyregruppe. I partiet er ho
høgt respektert og elska for sin veremåte og
sitt brennande engasjement. Då Inga Marte
Thorkildsen gjekk av som nestleiar på landsmøtet
i mars, vart ho med i parti -leiinga.
Oddny kallar seg eit opposisjonsmenneske.
Og det er vel og som «opposisjon» at ho
vart hanka inn i SV-leiinga. Mens partiet dei
siste åra har vore leia av småbarnsforeldre
fødde på 70-talet, med bakgrunn frå SU og
erfaring frå tinget, er Miljeteig 60 år gamal
med forankring i lokalpolitikken og i gras-
rota. Ustrigla, dønn ærleg og ikkje så reint
lite uregjerleg. Som då ho i 2011 bad SV gå
ut av regjering frå framsida av Bergensavisen.
Eller då ho same år fronta eit opprop
mot høgredreiing i partiet og hevda at «SV
er inne i ei djup krise».
– Kjem du til å møte deg sjølv i døra?
– Eg har ingen skjelett i skapa. Mine bravadar
er godt kjende.
Nokre har forsøkt å gje Oddny ein medierådgjevar.
Det har ikkje lukkast. «Oddny er
ingen taktikar,» seier kollegaer frå politikken.
Ho reknar ikkje på kor mange veljarar
det er å vinne, eller korleis saka vil framstå i
media. Ho møter opp på Torgallmenningen
med megafon anten det kjem 20 eller 2000.
Oddny seier det ho meiner, og ho let hjartet
styre. Hjartet og Jesus.
For Oddny si tru er fast. Ho vaks opp på
garden Tøsse i Åkrafjorden i Sunnhordaland.
I fjorden og den veglause grenda sto
bedehustradisjonen sterkt. Oddny minnast
møter i skulestova der ein og annan emissær
ikkje la fingrane imellom i skildringane av
den evige pine. I fleire år kjende ho seg framand
frå den kristne arven, men som vaksen
har ho funne tilbake til barnetrua. Eller
kan hende den alltid har vore der.
– Trua minner meg på kva det er viktig å
være oppteken av, og kven si side ein skal ta.
Ho er sjeldan i kyrkja, og det vert ikkje
mykje tid til å lese i Bibelen. Men på Kafé
Magdalena, Kirkens bymisjon sin kafé i
20 < Fagbladet 5/2015
fbaargang2015 fbseksjonKON