PIT PARION Eit klima for dei yngre Forfattar Erna Osland meiner ein kan snakka med born om alt – til og med klimaendringar. Men det må gjerast utan framandord og svartmåling. – Eg håpar at lesarane sit att med kjensla at dei er små, men at dei like- vel er viktige og ein del av det store systemet. Det er noko med det å vere liten, men samtidig stor. Når det kjem mykje av det som er lite, kan det verte stort og mektig. Det er enormt mange regndropar i regnbye, seier for fattar Erna Osland. Eigentleg ville ho skrive ei barnebok om vinden, men temaet vart utvida til meteo- rologi og vêr – eit felt som ikkje kan behandlast utan å koma inn på klimaendrin- gane. Resultatet er fagboka Når det regnar i Afrika, som kom ut på Samlaget i vår. Mål- gruppa er born i aldersgrup- pa 10-12 år, men stoffet er pedagogisk behandla slik at vaksne gjerne kan lese boka saman med mindre born. Pedagog og forfattar Erna Osland er overtydd om at ein kan snakka med born om alt, berre ein legg det til rette for dei. – Vêret er der alltid, og det er klart at det er moro- samt for barn å vete noko om desse sterke kreftene. Når ANDREA RYGG NØTTVEIT det gjeld klima, tenkjer eg at ein ikkje skal svartmale: Visst skjer det ting som ser farlege ut, men det må dei vaksne gjer noko med, barn kan ikkje det. Det er viktig for barn å vite at vaksne arbeider med å få meir kunnskap og at mange, mange vaksne vil gjere noko med at det skal bli godt å bu her på jorda for alle, seier Osland, som ikkje er i tvil om at svært unge born kan snappe opp at ikkje alt er som det skal i nyheitene. Bilete av flaumar, stormar og andre katastrofar kan gjere kraftige inntrykk. Osland er overtydd om at kunn- skap i tillegg til å vere morosamt er nøkkelen til å få born til å bry seg om verda dei lever i. – Når du har lese om ein maur og lært kva det er vil du ikkje trakke på han. Eg trur at born vil ta vare på det dei veit noko om. Då forpliktar dei seg til å verne om det – noko som vert kjekt, trur Osland, som tidlegare har gitt ut småkrypboka Under ein stein. I desse dagar er forfat- taren i samarbeid med Vestnorsk teatersenter i gong med å utvikla eit deltakande formidlingsprosjekt om vêr, som dei håpar vert ein del av Den kulturelle skulesekken. Tanken er at borna skal få leike regndropar og vind saman med ein dansar og ein musikar. Slik skal dei svevande vêrfenomena verte enno meir konkrete for dei yngste. Kultur, språk og litteratur På nettsida vår kan du og lesa om Pirionkurs: Korleis kan vaksne blimedvitne brukarar og formidlarar av språk, kultur og identitet? Faste spalter: BOKPRAT | MIN BARNEHAGE | LES FOR MEG | AKTUELT www.pirion.no @avisapirionfor degsom jobbar medbarn Tips oss på pirion@pirion.no Me vil gjerne ha tips og innspel om det er noko du syns me bør ta opp, eller om du har tips om bøker me bør skriva om. Sjå og www.pirion.no PiRion PIRION ER STØTTA AV KUNNSKAPSDEPARTEMENTET, FAGFORBUNDET OG LNK PIRION 6/2015, 16. årgangen – ISSN 1502-3036 Utgivar: Stiftinga Pirion Heimeside: www.pirion.no Ansvarleg redaktør: Svein Olav Langåker, mobil 94 87 53 65 E-post: pirion@pirion.no Korrektur: Halldis Furre Form gjeving: Salikat design fbaargang2015 fbseksjonKIR