PIT PARION PIT PARION
«Ej vil høyre TÅOTÅO!»
…kom det frå treåringen i
baksetet. Vi hadde nokre
timar bil køyring bak oss, og
enno fleire framfor oss før
vi var heime igjen.
ANNE
MARTA
V.
VADSTEIN
TOTO, ja, det var eit underleg musikkønskje
for ein treåring, tenkjer kanskje du. Men,
minstemann har erfart at med musikken
til bandet TOTO følgjer det ofte allsong og
skråling, god stemning og luftpianosoloar.
Musikken og songen skapar godkjensle
i magen og forsterkar
fellesskapskjensla. Andre
gongar er det songane
Klart eg kan! eller Nede på
stasjonen som står øvst på
lista. Også det med allsong
til, og nokre fleire ord i
samlinga til minstemann
for kvar gong.
Poenget mitt er at
barnet ønskjer musikken
og songen i livet sitt. Både
for musikken sin eigen del,
men også fordi han kjen-
ner på eit fellesskap og på
ei glede over å forstå kva
musikkspråket handlar om.
Barnet forstår instinktivt at
rytmiske og raske songar
kan ein godt hoppe opp og
ned og danse til, medan
rolege songar er fine å kvile til. «Eit barn
vert fødde med 100 språk, men frårøva 99»,
seier Loris Malaguzzi, mannen bak Reggio
Emilia-pedagogikken. Songen og musik-
ken er i oss frå vi ligg i magen og kjenner
rytmen og stemma til mor.
Vi treng også musikken i barnehagen.
Ikkje berre i samlingsstunda, men også
den spontane songen og dei små reglene.
I stellesituasjonen, ved bordet, i leiken.
Heng gjerne opp ulike rim og regler ved
stelleplassen eller i garderoben, så du
kan prøve deg på ei ny regle neste gong.
Musikken skaper fellesskap, kontakt og
tryggleik. Musikken rører ved heile menne-
Illustrasjon: Per Ragnar Møkleby
sket. Det er dessutan veldig vanskeleg å
vere sint på nokon som ein syng i lag med!
La det gå sport i å samle på songar som
passar til ulike aktivitetar. Samle på dei,
henge dei opp eller feste dei i barnehøgd
på veggen eller på golvet, med både tekst
og ein liten illustrasjon til. Oppmuntre
kvarandre til å syngje. Og, om du absolutt
ikkje likar det kan du verte ein reser på
regler utan melodi.
I arbeidet med språkstimulering i
barne hagen er songar, dikt og regler
viktig. Det utviklar ordforrådet og gir
barnet ei forståing av rytme og rim
lenge før dei lærer at det heiter det. Nokre
gongar vel ein engelske songar, andre
gongar er teksten på bokmål eller ulike
dialektar. Ikkje gløym å også velje ny-
norske songar og nynorske tekstar knytt til
rutinesituasjonar som bordvers, bursdags-
songar, namneleikar og så vidare. Hugs
at barnehagebarn lærer nynorsk gjennom
øyra. Og du; ha det kjekt, då!
Du finn tips til songar, dikt og bordvers
på www.nynorsksenteret.no/songar
Eit eple veks fram frå ei blømande grein
To geiter spring rundt på lette bein
Tre fiskar glitrar så blankt i ein fjord
Fire poteter ligg djupt i si jord
Tenk å få ete seg mett kvar ein dag
Kom, lat oss ete og drikke i lag
Hilde Myklebust
Kultur, språk og litteratur
På nettsida vår kan du og lesa om Pirionkurs: Korleis kan vaksne blimedvitne brukarar og formidlarar av språk, kultur og identitet?
Faste spalter:
BOKPRAT | MIN BARNEHAGE | LES FOR MEG | AKTUELT
www.pirion.no
@avisapirionfor degsom jobbar medbarn
Tips oss på pirion@pirion.no Me vil gjerne ha tips og innspel om det er noko du syns me bør ta opp, eller om du
har tips om bøker me bør skriva om. Sjå og www.pirion.no PiRion
PIRION ER STØTTA AV KUNNSKAPSDEPARTEMENTET, FAGFORBUNDET OG LNK PIRION 7/2015, 16. årgangen – ISSN 1502-3036 Utgivar:
Stiftinga Pirion Heimeside:
www.pirion.no Ansvarleg redaktør:
Svein Olav
Langåker, mobil 94 87 53 65 E-post: pirion@pirion.no Korrektur: Halldis Furre Form gjeving: Salikat design
fbaargang2015 fbseksjonKIR