Kva er det
som gjer ei
barnebok til ein
klassikar?
Rune Belsvik på Nynorskkonferansen, der han blei
intervjua av litteraturformidlar Janne Karin Støylen.
«Bekken var
som eit langt kjølig sjal
tvers over sommaren
sin mage»
klassikar!klassikar!
– Det handlar om at små
ting som kan gi oss store
leseopplevingar,
seier Svein Slettan.
SVEIN
OLAV
B.
LANGÅKER
Slettan er førsteamanuensis ved Universitetet
i Agder, og har skrive mykje om barnebøker.
I boka Inn i barnelitteraturen har han skrive
om Rune Belsvik, og i slutten på oktober var
han på Nynorskkonferansen for å snakka om
forfattarskapen hans og korleis ein kan kjenna
igjen forteljingane som kan klassikarar.
Den første Dustefjerten-boka kom i 1991.
– Bøkene har levd lenger enn dei fleste
andre i norsk litteraturhistorie. Viss det nokon
gong blir laga ein kanon over norske barne-
litteratur, så vil nok denne koma med, seier
Svein Slettan.
Verdas mest forelska par kom i 2001, og i
fjor kom den førebels tredje og siste boka i
serien om det vesle samfunnet Bløygen og det
forelska paret Bidger og Esmiluni.
Ikkje alltid fordel
Slettan understrekar at det ikkje alltid er ein
fordel å bli stempla som ein klassikar. Det kan
lett skapast ulike lesekulturar, og nokon kan
få skrekken over at noko blir stempla som
høgverdig litteratur.
– Det er ikkje så lett å seia kvifor ei bok er
god, seier Slettan og understrekar at han er
opptatt av barnet sine opplevingar.
Slettan meiner god barnelitteratur har
element av både gjenkjenning og utford-
ringar i seg.
Førsteamanuensis Svein Slettan ved Universitetet i
Agder meiner bøkene til Rune Belsvik er barne-
bokklassikarar.
fbaargang2015 fbseksjonKIR