flaggermusa?
Dagen opp ned av Martine Grande kjem med ein ny
og morosam vri på ei kjent oppskrift for bildebøker for
barn. Me er på ein gard og møter kyr, sauer, griser,
ender og ein hund og ein katt. Men det er ikkje dei
som er hovudpersonane. Me ser det heile gjennom
ein flagger musfamilie. «For når du går til sengs om
kvelden, vaknar desse fire opp.» Sånn er det til vanleg.
Men ein dag vaknar systrene Ida og Oda frå søvnen sin
og flyg ut i dagen. Ikkje visste dei at katten seier mjau,
hunden voff og kua mø…
Både tekst og illustrasjonane i boka er laga av
Martine Grande. Det heile står fram som ei heilstøypt
bok som vil eigna seg godt for høgtlesing for både
store og barnehageborn. Men kva lydar flaggermusa
lagar, det får du ikkje svar på her.
Meldt av: Svein Olav B. Langåker
flaggermusa?
Dagen opp ned av Martine Grande kjem med ein ny
og morosam vri på ei kjent oppskrift for bildebøker for
barn. Me er på ein gard og møter kyr, sauer, griser,
ender og ein hund og ein katt. Men det er ikkje dei
som er hovudpersonane. Me ser det heile gjennom
ein flagger musfamilie. «For når du går til sengs om
kvelden, vaknar desse fire opp.» Sånn er det til vanleg.
Men ein dag vaknar systrene Ida og Oda frå søvnen sin
og flyg ut i dagen. Ikkje visste dei at katten seier mjau,
hunden voff og kua mø…
Både tekst og illustrasjonane i boka er laga av
Martine Grande. Det heile står fram som ei heilstøypt
bok som vil eigna seg godt for høgtlesing for både
store og barnehageborn. Men kva lydar flaggermusa
lagar, det får du ikkje svar på her.
Meldt av: Svein Olav B. Langåker
Kva seier
BOKMELDINGARJens Haugan (tekst) og Bente-Linn
Bergene Huseby (ill.)
No kan du sove, vesle gut
Liv forlag 2015
Bildebok
Gjenfortalt av Maria Parr
Illustrasjon: Svend Otto S.
Samlaget, 2015
Koseleg
godnattsongJens Haugan har laga ei fin lita bok av ein
nattasong han laga for son sin for fleire år sidan.
Boka høver godt til å lesa før ein sløkkjer lyset,
men teksten kan òg syngjast. Det er ein fin liten
song med notar bak i boka. Illustrasjonane til
Bente-Linn Bergene Huseby er uttrykksfulle og
draumeaktige.
Eventyrskatten for
nye generasjonarMaria Parr har omsett og gjenfortalt nokre av dei aller
mest kjente eventyra i ei praktutgåve av ei bok.
Me møter dei tre bukkane Bruse, Raudhette, Fyrtøyet,
Pannekaka, Mannen som skulle stelle heime, Den stygge
andungen, Tornerose og Bymusikantane frå Bremen.
Eventyra er henta frå Asbjørnsen & Moe, H.C. Andersen
og Grimm-brørne. Maria Parr har omsett og modernisert
språket i eventyra slik at språket ligg godt i munnen.
Eventyra er illustrert med dei klassiske og kjente
illustrasjonane til Svend Otto S., akkurat dei same
illustrasjonane som dagens foreldregenerasjon
kan hugsa igjen frå åttitalets bokklubbutgåve av
eventyrskatten.
Boka er ei perfekt høgtlesingsbok for store og små,
og bør vera ei bok alle ønskjer seg til jul.
Meldt av: Svein Olav B. Langåker
Utfordrar
Bøkene til Belsvik har eit landskap, aktivitetar
og menneskelege typar og relasjonar som me
kjenner igjen.
– Bøkene fører oss inn i ei leikeverd som me
kjenner igjen, seier Slettan.
Men han understrekar at dei òg utfordrar
med merkelege ting og mystiske figurar som
Berghøna i Dustefjerten-bøkene. Grenseopp-
gangane mellom dyr og menneske og barn og
vaksen kan òg vera med på å utfordra.
Komposisjonen er til å kjenna igjen i
eventyr komposisjonen, at ein må dra ut i
verda for å løysa ei utfordring. Men i boka
Dustefjerten og den store gullfiskjakta får
historia ei heilt ny vending då Kavringreven
etter resultatlaus leiting viser seg å ha gull-
fisken i sine eigne tårer.
– Ein annan sterk kvalitet med fleire av
bøkene til Belsvik er bildespråket som fører
saman meiningsområde, seier Slettan og tar
fram dette dømet:
«Bekken var som eit langt kjølig sjal tvers
over sommaren sin mage».
Dialog mellom barnet
og den vaksne
Rune Belsvik var sjølv med på Nynorskkon-
feransen, der han blei intervjua av litteratur-
formidlar Janne Karin Støylen. Ho opna med å
seia at Belsvik er den barneforfattaren ho set
mest pris på sjølv, og spurte han om korleis
han tenkjer at den gode barnelitteraturen kan
vera.
– Det stemte ganske godt når eg først
kunne kjenna meg igjen i figurane, fortel
Belsvik. Til dømes kjenner han seg igjen i
Dustefjerten som godt kunne tenkt seg at ting
var som dei var.
– Det er jo slik at når ein først har fått taket
på å leika i sandkassen, så er ein blitt for stor
for det, kommenterer han.
Belsvik ser på bøkene som ein dialog
mellom barnet og den vaksne.
– Den vesle Rune har ikkje heilt forlate meg.
Stordabuen, som no bur i Kristiansand,
røper at han skriv på ei ny bok. Men kva tid
boka kjem, vil han ikkje røpa. Han byrja på
boka rundt juletider i fjor.
– Det er litt som ei avstands forelsking. Ein
går og tenkjer på historia. Men når pennen
står ansikt til ansikt med papiret, så blir det
litt annleis, sa Belsvik.
Martine Grande
Dagen opp ned
Samlaget 2015
fbaargang2015 fbseksjonKIR