POSITIV,
KUNNSKAPS-
RIK, FLEKSIBEL
OG RAUS
TAKK: Vi kunne ikke klart oss utan assistentane i helsesektoren,
mener Sigrun Bøe Perez (t.h.). Her saman med
prisvinnar Hanne Åmellom og Aina Strømme.
POSITIV,
KUNNSKAPS-
RIK, FLEKSIBEL
OG RAUS
TAKK: Vi kunne ikke klart oss utan assistentane i helsesektoren,
mener Sigrun Bøe Perez (t.h.). Her saman med
prisvinnar Hanne Åmellom og Aina Strømme.
Hanne
er best
Hanne Åmellom frå Sund
vart kåra til Hordaland
sin beste assistent i 2015.
Tekst og foto: KARIN E. SVENDSEN
28
28
-åringen vart skikkeleg
overraska då ho vart kåra
til årets assistent i Hordaland.
Kollega Aina
Strømme, hjelpepleiar og verneombod,
hadde nominert henne. Grunngjevinga
var solid: Hanne er alltid positiv, ho er
kunnskapsrik, ho er fleksibel og raus.
Mellom mykje anna.
Fagforbundet i Sund inviterte til med
lemsmøte der John Grimsby innleidde om
rollemodellar, kommunikasjon og korleis
byggje opp eit godt arbeidsmiljø. Han tok
ei pause der Sigrun Bøe Perez, leiar i Seksjon
helse og sosial (SHS) i Fagforbundet
Hordaland, kunngjorde at den beste
assistenten i fylket kom frå Sund.
– Hjula må gå rundt
Mange av dei 80 frammøtte visste at Han-
ne var nominert. At ho også hadde vunne
tittelen, kunne dei knapt ha gjetta seg til.
Men ordførar, rådmann og leiinga på sjukeheimen
var i alle fall beden om å møte
opp. Og det gjorde dei.
– Vi er heilt avhengige av assistentane.
Det er dei som får hjula til å gå rundt i
pleie- og omsorgssektoren. Likevel er det
ei gruppe vi knapt høyrer om, sa Sigrun
Bøe Perez då ho gjorde det kjend at Han-
ne Åmellom var kåra til den beste assistenten
i Hordaland i 2015.
Veldig stas
Hovudpersonen sjølv tykte det var stas å
vinne.
– Det er koseleg at nokon syns at eg er
flink, var kommentaren til Hanne Åmellom.
Etter åtte år på sjukeheimen vil ho no
utdanne seg som helsefagarbeidar.
STOLT: – Eg er så stolt av å arbeide saman
med dei begge, seier nestleiar Hildegunn
Høyland i Fagforbundet Sund til kollegaene
Hanne Åmellom og Aina Strømme.
Foto: Knut A. Nygaard
Rådmann Stig Arne Thune lovde på
vegne av kommunen at det skal arbeidsgjevar
leggje til rette for. Han nytta også
høve til å takke Fagforbundet for at dei
inspirerer til fagutvikling.
– Og takk til deg, Hanne – for at du er
den du er og gjer det du gjer, avslutta han.
38 < Fagbladet 1/2016
fbaargang2016 fbseksjonHEL