FORMIDLAR DEN SAMISKE KULTUREN – Det er viktig folkeopplysing at den samiske kulturen er ein del av Noreg, seier Màre Helander, dagleg leiar i Samisk barnehage i Oslo. SVEIN OLAV B. LANGÅKER Màre Helander fortel meir enn gjerne om korleis norske barnehagar kan for- midla den samiske kulturen. – Ein fin inngang til å fortelja om den samiske kulturen, kan vera å feira 6. februar – ungane forstår det med bursdagar. Då kan ein fortelja at det bursdagen til fire folk, til samane i Russland, Sverige, Finland og Noreg, fortel Màre Helander. – Norske barnehagar kan laga burs- dagskrone med teksten, Lihkku beivviin Sàpmi. Det går òg an å visa flagget og fortelja litt om symbolikken i dette, føreslår ho. Koftekart Màre Helander veit at fleire norske barnehagar lærer seg samiske songar. Mange av dei finn ein på nettet. I barnehagen hennar har dei òg kurs i joik, og dei syng Gea mu gàvttis (Se min kjole) og BURES BOAHTIN, ein velkommen-joik som dei har laga. – Det går òg an å fortelja litt om Elsa Laula, og korleis samesaka byrja med eit politisk møte 6. februar 1917 i Trondheim. Ho tenkjer òg det er bra å visa fram koftekartet, og visa kvar dei ulike koftene høyrer heime. Då kan ein visa at samane snakkar tre språk som er veldig forskjellige frå kvarandre, lulesamisk, sørsamisk og nordsamisk. Seinare i vår kjem det ein samisk snakkepakke som vil vera eit bra verk- tøy òg for norske barnehagar. Samisk mat Ein fin måte å bli kjent med nye kultu- rar er gjennom maten. Màre Helander føreslår at ungane kan få vera med på å laga bidus, ein lapskaus med reinkjøt. Samisk høgskole har laga ein app med mange samiske oppskrifter til Android-telefonar. Det er òg mogleg å finna mange oppskrifter på nettet. I Samisk barnehage i Oslo får dei levert eit reinsdyr frå Røros om hausten som dei parterer og saltar. Ungane er med på heile prosessen. Når dei har om jakt, så får dei ei rype til barnehagen og dei fortel om korleis dei kan laga mat av ho. Ungane lærer om knivbruk og om dei ulike delane i ein lavvo. Sjamanisme I læreplanen for 1.-4.klasse står det at elevane skal lære om samisk kultur og levemåte fram til kristninga av samane. I rammeplanen for barnehagane står det at alle barnehagar skal arbeida for at alle barn får kjennskap til at samane er Noregs urfolk og får høyra samiske forteljingar, sagn og andre deler av samisk kultur og kvardagsliv. Màre Helander fortel om trekk ved sjamanismen for borna. – Eg fortel om det underjordiske: at det kanskje kan bu nokon under den steinen der. Men det er viktig at det skjer i ein trygg setting, og fortelja at det kanskje finst nokon som passar på oss. – Me takkar òg for å bruka bålplas- sen, avsluttar Màre Helander. Les om årstidshjulet til den samiske barnehagen på Pirion.no! fbaargang2016 fbseksjonKIR