Fagbladet 4/2015 < 41
Ellevilt klimaeventyrRolf Losnegård har klart å skrive både
leikent, poetisk, humoristisk og med ei
nerve og driv over klima som eit tema.
I barneboka Det forferdeleg geniale fre-
se-sky-flyet møter me ein genial oppfin-
nar med det herlege namnet Sir Nataniel
Umulius Trompeterstråle Tutt, også kjend
som Snutt. Han lagar dei underlegaste
ting for folk i landet Gnore, som ikkje er
så langt frå Nordpolen. Som til dømes
stjernefangarar som fanga inn stjerner frå
verdsrommet, pussa av dei stjernestøvet
og sende dei ut igjen i lange baner.
Då ungdommane i byen Olsen i Gnore vil
ha sol og varme heile året går oppfin-
naren i gang med å laga eit frese-sky-fly
som fangar opp alle skyene. Då blir det så
fint vêr og varmt på Nordpolen at isfjell
og isflak smeltar. Den vesle isbjørnen,
Burrr, som er så skrekkelig redd for vatn
kjem snart i trøbbel. Det trygge og gode
isflaket smeltar. Vatnet i Gnore byrjar
kjapt å stige. Innbyggjarane kan ikkje
lenger vera inni husa sine, men sit på hus-
taka. Me kan røpa så mykje at det skjer
ein heftig klimakamp mellom oppfinnaren
Snutt og ungdommane i boka – og at
isbjørnungen blir ein liten helt!
Det forferdeleg geniale frese-sky-
flyet har morsame og spennande de-
taljrike illustrasjonar laga av Fredrik
Rysjedal. Rolf Losnegård har klart å
skrive både leikent, poetisk, humoris-
tisk og med ei nerve og driv over klima
som eit tema.
Boka eignar seg for høgtlesing for
barn frå 6 år og oppover, og til sjølv-
lesing frå ca. 9-10 år.
Meldt av: Camilla Ruhs
Det forferdeleg geniale
frese skyflyetForfattar: Rolf Losnegård
Illustrasjon: Fredrik Rysjedal
Skald, 2015
BOKMELDINGMàre Helander, dagleg leiar i Samisk barne -
hage i Oslo, bruker til vanleg nord samisk
kofte, men her er ho i sørsamisk kofte. Foto: KMD

fbaargang2016 fbseksjonKIR