Den samiske
versjonen av den
interaktive e-boka
om «Jakob og Nei-
kob» vart vist for
førskulegruppa i
Samisk barnehage
på Tøyen i Oslo.
Frå.v.: Mika (5),
språkleg ansvarleg
Mâre Helander,
Margrethe (5) og
Gerd Bostrøm.
PIT PARION
Vilhasamiskspråkdugnad
I haust lanserte Samlaget si første e-barnebok på nord-, sør- og lulesamisk.
Redaktør Ragnfrid Trohaug oppmodar til dugnad for samiskspråklege born.
– Ein samiskspråkleg SVT-reporter sa
til meg: «Førestill deg at du går tom for
lesestoff på ditt eige språk». For meg
hadde det vore heilt katastrofe, men
dette er realiteten for samiske barn i dag,
seier redaktør for prosjektet Ragnfrid
Trohaug.
«Joret ja Iiret»
Dei prisvinnande barnebokfigurane
«Jakob og Neikob» har reist langt og
vorte omsett til både engelsk, tysk,
dansk, fransk og hindi. No er dei vorte
tilgjengeleg på heile tre samiske språk.
Trohaug er ekstra nøgd med å ha fått
omsetting på både sør- og lulesamisk, i
tillegg til nordsamisk.
Dei fleirspråklege ungane kjenner godt
karakterane til Kari Stai, men då på norsk.
ANDREA
RYGG
NØTTVEIT
– Eg har to bøker med «Jakob og
Neikob», fortel Margrethe (5), medan
Leonard (5) fortel at han har ein kamerat
som heiter Jakob.
Førskuleborna får sjå og høyre den
første samiske interaktive e-barneboka
om «Joret ja Iiret» på prosjektor. Det er
morosamt på samisk òg.
– Urettferdig
Stortingspolitikar Anette Trettebergstuen
(Ap) var med på lanseringa. Ho peikar
på at gode lesaropplevingar er viktig for
språkforståinga.
– Me tykkjer det er urettferdig at dei
som har samisk som morsmål ikkje har
like mange bøker å velje i. Det er viktig
at alle born får lese morosame bøker som
«Jakob og Neikob» på sitt eige språk.
Difor tykkjer me det er fint at Samlaget har
omsett boka og tykkjer at fleire må gjere
det same, seier Trettebergstuen til barn og
vaksne.
Ho peikar på at det er desse borna som
skal bringa vidare det samiske språket og
kulturen, og at dei då må få moglegheita
til å møte det både munnleg og skriftleg
gjennom litteraturen.
På spørsmål om kva rammevilkår
politikarane kan bidra med er Trohaug
klår. Det trengst insentiv for forlaga til å
gje ut ting både på norsk og samisk.
– Eg tenkjer at dette må vere ein
dugnad. Me har digitale verkty som kan
nyttast, og det treng ikkje vere kostnads-
krevjande utover omsetting og det å lese
inn, seier Trohaug, som gjerne vil samar-
beida med samiske og norske forlag.
Teksttunge bøker
Dei tilsette i barnehagen kan bekrefte at
det er behov for fleire samiske barne-
bøker.
– Det er veldig lite for dei aller minste,
dei fleste passar best for skuleborna. Det
burde heilt klart vore fleire bøker å ta av
for alle aldrar. Dei bøkene som er har ofte
mykje tekst og keisame bilete, forklarar
dagleg leiar Gerd Bostrøm.
Kultur, språk og litteratur
På nettsida vår kan du og lesa om Pirionkurs: Korleis kan vaksne blimedvitne brukarar og formidlarar av språk, kultur og identitet?
Faste spalter:
BOKPRAT | MIN BARNEHAGE | LES FOR MEG | AKTUELT
www.pirion.no
@avisapirionfor degsom jobbar medbarn
Tips oss på pirion@pirion.no Me vil gjerne ha tips og innspel om det er noko du syns me bør ta opp, eller om du
har tips om bøker me bør skriva om. Sjå og www.pirion.no PiRion
PIRION ER STØTTA AV KUNNSKAPSDEPARTEMENTET, FAGFORBUNDET OG LNK PIRION 1/2016, 17. årgangen – ISSN 1502-3036 Utgivar:
Stiftinga Pirion Heimeside:
www.pirion.no Ansvarleg redaktør:
Svein Olav
Langåker, mobil 94 87 53 65 E-post: pirion@pirion.no Korrektur: Halldis Furre Form gjeving: Salikat design
fbaargang2016 fbseksjonKIR