Maj-Linn Selvik Treng fleire faglærte i pleie og omsorg svare og finne løysingar saman med han eller henne. Lang veg mot fagbrev Både Zainab Noori Painda og Yonas Tesfamarian Teages klarte fagbrevet i helsearbeidarfaget i haust. Zainabs veg inn til den norske arbeidsmarknaden byrja då ho gjennom familiegjenforeining flytta etter mannen sin til Florø sommaren 2010. Ho byrja med norskkurs på Innvandrarsenteret i august, deretter haldt ho fram med 9. og 10. klasse. Då ho byrja på Vg1 helse- og oppvekstfag året etter, vart ho utplassert i heimetenesta ein dag i veka. Etter Vg2 gjekk Zainab to år i lære samstundes som ho tok fellesfaga på Vg3 i Førde. – Det var kjekt å vere lærling sjølv om dagane var lange og slitsame. Eg lærte mykje, syns ho. Yonas kom som asylsøkjar til Noreg i 2009. Etter ein knapp månad på mottakssenterert i Florø, byrja han på det toårige introduksjonskurset. Då han beherska det munnlege språket godt nok, kombinerte han språk- og arbeidstrening utanfor Innvandrarsenteret. – Helsearbeidarfaget var ikkje i hovudet mitt, fortell eritrearen som i heimlandet hadde vore lærar på ein ungdomsskule. Men i 2011 var han for fyrste gong innom eit omsorgssenter. Her fekk han tilbod om å arbeide fast i helgene i tillegg til å ta vikariat. – Det arbeidet likte eg, og eg bestemte meg for å bli helsefagarbeidar. Eit klokt val – Eg er kjempeglad at dei ville bli helsefagarbeidarar, seier Stine Hovland til Zainab Noori Painda og Yonas Tesfamarian Teages. Det er også Maj-Linn Selvik, vernepleiar og hovudtillitsvald. Dei har begge møtt brukarar som etterlyser Zainab eller Yosef når dei ikkje har møtt dei på ei stund. – Eg har arbeidd saman med fleire innvandrarar og har sett at man-«Mange innvandrarar har ge har ein ein respekt for dei gamle annan re spekt for dei som eg ofte har sakna.» gamle enn me har. Dei kjem med haldningar eg ofte har sakna, seier Selvik. Ho syns dei som tek fagbrev, gjer eit klokt val – av omsyn til alle dei tilfredse brukarane, men også for deira eigen del. – Tilsette utan formell kompetanse er alltid dei siste som får faste og større stillingar, seier Selvik. Vil vere i Florø Korkje Olefine Eikefjord eller dei andre i heimetenesta treng frykte for at Zainab Noori Painda eller Yonas Tesfamarian Teages skal slutte. For dei er begge svært nøgde med korleis dei har blitt teke imot og følgd opp på arbeidsplassane. – Alt har vore triveleg, syns Yonas. Zainab er samd med han. Florø er blitt deira nye heimstad. For tre år sidan vart alle kommunale verksemder i Flora utfordra av Innvandrarsenteret. Korleis kunne dei arbeide i lag for at innvandrarane skulle bli ein del av lokalsamfunnet samstundes som verksemdene fekk dekka kompetansebehova sine? Prosjektet Frå flyktning til floraværing hadde som mål at fleire innvandrarar skulle skaffe seg den kompetansen dei kommunale tenestene treng. Eitt resultat var ein klasse for framandsprå klege elevar Vg1 helse og oppvekst i 2014. 17 byrja og går no på Vg2. I fjor byrja ti nye elevar. Eit anna rekrutteringsprosjekt er Jeg vil bli helsefagarbeider – med ABC til fagbrev, utarbeidd av Aldring og helse. 22 tilsette, både innvandrarar og etnisk norske, i Flora kommune byrja på kurset i 2014. Pleie- og omsorgssektoren har i dag 49 tilsette med 21 ulike nasjonalitetar. 19 har fagbrev eller høgskuleutdanning. Alle unge og vaksne floraværingar som har avslutta Vg2 helse og oppvekst, og som vil bli helsefagarbeidar, har til no fått læreplass i kommunen. Dei ti avdelingane i pleie- og omsorgssektoren følgjer no opp 17 elevar frå dei framand- språklege klassane, 22 assistentar frå ABCkurset, tre ordinære lærlingar frå vidaregåande og 27 sjukepleiar- og vernepleiarstudentar. Fem innvandrarar får språk- eller praksistrening, pluss sju frå Nav som får arbeidstrening. 32 < Fagbladet 3/2016 fbaargang2016 fbseksjonHEL