GOD STYRING: Varaordførar Jan Henrik Nygård trur det er lettare å kanalisere
pengane dit behovet til ei kvar tid er størst gjennom eit kommunalt føretak enn
om utanforståande skulle drifte mottak og opplæring.
drarar som treng språk- og arbeidspraksis.
Varaordføraren meiner det er ein
stor fordel at Innvandrarsenteret vert
driven som eit kommunalt føretak.
– Det gjev oss betre styring slik at
me kan bruke pengane på kommunale
tenester ettersom behova endrar
seg. Viss det til dømes er mange sped-
barn blant innvandrarane, bruker me
meir på helsestasjonen, eller me sett
inn ekstra ressursar til assistentar i
skulen dersom mange skuleborn har
innvandrarbakgrunn.
Treng både folk og kompetanse
Personalsjef Trond Ramstad Olsen i
Flora opplyser at kommunen har
kompetanseplanar på fleire område.
Han fortel at behovet har vore stort
for barne- og ungdomsarbeidarar,
men at kommunen no har størst behov
for helsefagarbeidarar.
Innvandrarsenteret sørgjer for at
«Det er best for alle partar
om innvandrarane får
ei fagutdanning.»
Trond Ramstad Olsen,
personalsjef
Fylke: Sogn og Fjordane
Befolkning: 11.862
FLORA
KOMMUNE
dei som skal bu i Flora, vert kartlagde
med omsyn til kvalifikasjonar
og interesser slik at dei kan leggje ein
plan for utdanning og arbeid.
– Det er viktig at det finst ein jobb
i andre enden når nokon byrjar på
ei utdanning, meiner personalsjefen.
Sjølv om korkje han eller andre kan
garantere fast eller full stilling i framtida.
Eit døme på vellukka samarbeid
mellom Innvandrarsenteret, Nav og
kommunen er ifølgje personalsjefen
prosjektet Frå flyktning til floraværing,
der 13 flyktningar etter introduksjonsprogrammet
byrja på ei
ordinær utdanning i helse- og oppvekstfag.
– Det er best for alle partar om
innvandrarane får ei fagutdanning,
meiner personalsjefen, som meiner
det er eit lokalsamfunnsansvar at
flyktningar får skule og arbeid slik at
dei vert integrerte.
Personalsjefen kan ikkje seie kor
mange flyktningar som er tilsette i
kommunen, men 6,3 prosent av dei
tilsette er innvandrarar.
34 < Fagbladet 3/2016
fbaargang2016 fbseksjonKIR