Ingrid Runnane og Julian Vikanes og nokre av dei flinke skrivarane i klassen
til Hildegunn Sæbø Heimro.
Gir
meining
til skrivinga
FAKTA:
Normprosjektet
•
Truleg verdas største skrive-
prosjekt i skulen. Over 3000
elevar og 500 lærarar er med.
•
20 samarbeidsskular, mellom
dei Tjødnalio skule og Sagvåg
skule i Stord.
•
Starta i 2012 og varer til 2016.
•
Målet er å finna ut kor godt ein
kan forventa at elevar på ulike
trinn skal kunne skriva.
•
Gjennom systematisk samar-
beid mellom lærarane skal ein
utvikla ei felles forståing av
skriving og skriveoppgåver,
forventningar om skrivekom-
petanse og læringsstøttande
vurdering.
•
Lærarane bruker det dei kallar
skrivehjulet til å visa korleis
skriving kan brukast til å over-
tyda, samhandla, reflektera,
skildra, utforska og sjå for seg
saker.
20 skular har vore med på verdas største skriveprosjekt.
Lærdommane frå prosjektet er tatt med i den nye leseog
skrivestrategien til regjeringa.
TEKST
OG
FOTO
:
SVEIN
Korleis kan ein 3.-klassing klara å skriva
like bra som ein 4.-klassing? Og ein
7.-klassing skriva like bra som ein 9.-klas-
sing?
Sagvåg skule og Tjødnalio skule i Stord
er blant dei 20 skulane som har vore med
på det som truleg er verdas største skrive-
prosjekt. Målet med prosjektet har vore å
finna ut kva ein kan forventa av skrivinga
til elevar på ulike klassetrinn.
Professor Synnøve Matre, opphavleg
frå Halsnøy og no professor ved Høgskolen
i Sør-Trøndelag, har leia prosjektet som
varer til 2016.
– Effekten på resultata til dei 3000
elevane som har vore med, svarer til eitt
års ekstra undervising. Effekten på dei
kring 600 elevane med tydelegast effekt,
svaret til to år ekstra undervising, seier ho.
OLAV
B.
LANGÅKER
Skreiv så blekket spruta
Synnøve Matre meiner det er viktig at
skriveoppgåvene som elevane får, har
eit klart formål. Ei oppgåve som «Skriv
om sommarferien din» har eit meir uklart
formål. I staden bør lærarane bli flinkare
til å skapa ei meining med oppgåvene.
På Sagvåg skule fekk elevane beskjed
om at den populære Melodi Grand Prix
skulle bli kutta ut fordi rektor meinte
elevane lærte for lite. Lærarane gav dei i
oppgåve å skriva brev til rektor og fortelja
kvifor Melodi Grand Prix ikkje burde stop-
past.
– Elevane skreiv så blekket spruta,
smiler rektor Lars Bakka.
Det blei likevel Melodi Grand Prix.
fbaargang2016 fbseksjonKIR