Samlaget 2015
Erna Osland og Torill Stranger (ill.)
Hildegunn Sæbø Heimro
fortel korleis ein skriv
fakta om ei mus.
Sju vurderingsområde
for skrivinga:
• Kommunikasjon• Innhald• Tekstoppbygging• Språkbruk• Rettskriving og formverk• Teiknsetjing• Bruk av skriftmediet
– Har rista litt i oss
Alle elevar er avhengig av gode
tilbakemeldingar. Svake elevar
treng ros for å byggja sjølvtil-
lit og motivasjon. Men det er ein
balansegang med djupe grøfter,
ifølgje Lars Bakka.
– Norm-prosjektet har rista
oss litt. Det blir feil å seia at alt
er greitt fordi du er du. Ein må gi
beskjed kvar det er forventa at
elevane skal liggja. Samtidig er
det viktig at ein ikkje føler ein er
skuletaparar allereie frå 2.trinn,
understrekar rektor Bakka.
Lærarane må laga framdrifts-
planar med realistiske mål for
kvar elev og følgja systematisk
med på lesinga og skrivinga til
elevane. Ikkje berre i norsken,
men i alle faga.
Sjølv om prosjektfasen er over
på skulane, arbeider lærarane
vidare med alt dei har lært.
Lars Bakka er sikker på at pro-
sjektet har hatt ein positiv effekt
på skrivedugleiken til elevane
og seier han er imponert over inn-
satsen til personalet ved skulen.
Lærarane har fått kurs av
kompetente fagfolk frå Høgskolen
i Sør-Trøndelag og dei har
retta saman med andre lærarar i
prosjektet.
– Mykje lettare å gi
for 2. trinn no. Ho har vore med
frå starten, og er glad og takksam
for å hausta fruktene av skrive-
prosjektet ved Sagvåg skule.
– Arbeidet med skriveprosjek-
tet hjelper oss å laga betre opp-
gåver som er tilpassa føre målet
med skrivinga. Me har erfart at
utforminga av oppgåvene er
viktig for å få gode svar. Arbeid
med dei ulike skrivehandlingane
gjer oss òg meir medvitne på kva
elevane skal læra og korleis dei
kan skriva for å læra, seier ho.
No vurderer lærarane fleire
sider av skrivinga til elevane i alle
fag. (Sjå faktaboks) Dette gjer at
det har blitt lettare å gi tilbake-
meldingar, meiner ho. Elevane får
meir konstruktive tilbakemeld-
ingar og dei veit på førehand kva
som blir vurdert.
Rørande
vakkert om
vennskap
Ta 100 steg og få ein
venn av Erna Osland er
ei strålande vakker og
poetisk bok med korte
forteljingar om vennskap.
Korleis får ein seg ein venn?
I Ta 100 steg og få ein venn
er me fluger på veggen i
det magiske første møtet
mellom små menneske.
Erna Osland viser nok
ein gong den sjeldne
evna ho har til å skriva
frå stå staden til barn.
Boka liknar poesi ved den
effektive bruken av få
setningar og ord som set
lesaren i nye stemningar
og lar oss bli kjend med dei
ulike personane i kvar historie.
Alt blir ikkje sagt rett ut, difor
eignar boka seg godt som
grunnlag for samtale med
ungane. Boka kan eigna seg
for høgtlesing i småskulen eller
eigenlesing på mellomsteget.
Skrifta er mellomstor, med
korte, lettlesne setningar.
Meldt av: Svein Olav B. Langåker
Ta 100 steg og få ein venn
BOKMELDING
tilbakemeldingar til Alle nye lærarar ved skulen blir
Rektor Lars Bakka er sikker på at
elevane dratt med og får kurs i korleis dei
prosjektet har hatt ein positiv effekt på
skrivedugleiken til elevane. Hildegunn Sæbø Heimro er lærar jobbar.
fbaargang2016 fbseksjonKIR