PIT PARION PIT PARION Retttilnynorskibarnehagen Dei siste åra har media og faglitteratur nærast eksplodert i forskings konklusjonar om kor viktig det er å eksponere ungane for språk tidleg. Me må snakke med ungar, lese til ungar, lese med ungar, skrive til og med ungar, kort sagt, late ungar møte ord, språk og skrift så tidleg som råd. ELI BJØRHUSDAL , FYRSTEAMANUENSIS , HØGSKULEN I SOGN OG FJORDANE Det ser ut til at forskinga på feltet de- ler to overordna premissar. Den eine er at språk kompetanse er grunnlag for all kunnskapstileigning og kunn- skapsutvikling. Den andre er at me ikkje er fødde med eit språk, men at me må laste det ned frå kulturen vår. For sjølv om ungar er fødde med evna til å produsere språk, vert det ikkje noko av dette språket om ikkje barnet vert stimulert utanfrå. For at ein unge skal forstå og produsere språk – altså snakke og skrive – må han bli ekspo- nert for språk. Han må altså bli snakka til og vere i samanhengar der det blir snakka og skrive. Ungar utviklar språk frå innputt. Såleis er det legitimt å spørje: Kva for språk skal vere innputt? Det finst gode ressursar om korleis ein skal drive generell språkstimu- lering frå til dømes Lesesenteret, Skrivesenteret og Utdannings- direktoratet, og sjølvsagt finst det mange flotte handbøker og fag- bøker utgjevne av norske skrive- og språkforskarar. Men mykje av denne litteraturen gjer det norske biletet mindre komplekst enn det eigenleg er. Beskjeden frå forskings- og ut- viklingsfeltet til praksisfeltet ser ut til å vere: Køyr i gang, driv språkstimu- lering i barnehagen, også skriftspråk- stimulering. Men spørsmålet om kva for skriftspråk som ungane skal møte, vert sjeldan tematiserte. Det merkast for barnehagelæ rarar og barnehagelærarutdannar i nynorskområde. Mange her opplever at tidleg innsats med språk i barne- hagen i praksis tyder tidleg innsats med bokmål. Ulike typar lesestoff, meir eller mindre kommersielle didaktiske utstyrs- og språkpakker, (data-)spel, filmar og app-ar som vert nytta i barnehagane, er i stor grad på bokmål – også i nynorskområda. Dei nynorske borna vert altså eksponerte for eit anna språk enn det dei skal ha på skulen. Dette får rimelegvis konse- kvensar for deira språklege sjølvbilete og for ferdigheitene i det som skal bli fyrsteskriftspråket deira. Og desse borna er ikkje ei marginal gruppe. Kvart år byrjar om lag 7750 born i barnehagar i nynorske skule- krinsar, born som altså får nynorsk som opplæringsmål når dei startar på skulen. For desse ungane trengst det no meir enn fagre ord i rettleiingar og språkpakker frå Utdanningsdirekto- ratet. I skulen har elevar med nynorsk klare, regulerte rettar. Når retorikken kring tidleg språkinnsats og stimule- ring i barnehagen så tydeleg handlar om ungane sin framtidige kompe- tanse, bør også ungar i barnehagen få eksplisitte rettar til å møte sitt eige fyrsteskriftspråk. Kultur, språk og litteratur På nettsida vår kan du og lesa om Pirionkurs: Korleis kan vaksne blimedvitne brukarar og formidlarar av språk, kultur og identitet? Faste spalter: BOKPRAT | MIN BARNEHAGE | LES FOR MEG | AKTUELT www.pirion.no @avisapirionfor degsom jobbar medbarn Tips oss på pirion@pirion.no Me vil gjerne ha tips og innspel om det er noko du syns me bør ta opp, eller om du har tips om bøker me bør skriva om. Sjå og www.pirion.no PiRion PIRION ER STØTTA AV KUNNSKAPSDEPARTEMENTET, FAGFORBUNDET OG LNK PIRION 2/2016, 17. årgangen – ISSN 1502-3036 Utgivar: Stiftinga Pirion Heimeside: www.pirion.no Ansvarleg redaktør: Svein Olav Langåker, mobil 94 87 53 65 E-post: pirion@pirion.no Korrektur: Halldis Furre Form gjeving: Salikat design fbaargang2016 fbseksjonKIR