– Me har eit
valdsamt
stort
ansvar
for
nynorsk i
barnehagane
Jostedal oppvekstsenter får
merksemd for måten dei jobbar
med nynorsk språkutvikling i
barnehagen.
SVEIN
OLAV
B.
LANGÅKER
– Innlæringa av språk fører ungane med
seg vidare, seier pedagogisk leiar Anne
Kristin Haugen Halveg i Jostedal barnehage.
I barnehagen hennar er dei medvitne på
å lesa nynorske bøker på nynorsk og bok-
målsbøker på dialekt eller nynorsk.
– Det er viktig at heile personalet er
medvitne på kor stort ansvar me har for
nynorsken, understrekar Haugen Halveg.
I barnehagen bruker dei fokusord og
dialogisk lesing for å få ungane til å reflek-
tera over meininga i orda.
– Ei bok er ikkje berre ei bok. Ho har
mykje kunnskap og omgrep som det går an
å snakka om, påpeikar Anne Kristin Haugen
Halveg.
fbaargang2016 fbseksjonKIR