FAKTA:
Kva er dialogisk
lesing?
Dialogisk lesing dreier om
å lesa ei bok med ei mindre
gruppe born og føre ein dialog
med borna om leseopplevinga.
Ved første lesing sit borna og
lyttar. Kanskje avbrote av eit
enkelt spørsmål til handlinga.
Ved andre lesing grip peda-
gogen fast i enkelte ord og
bilde som borna skal samtala
om og forhalda seg til.
Ved tredje lesing blir dialogen
intensivert. Handlinga i boka
blir brukt som inspirasjon til
leik og aktivitetar, til dømes
rolleleik, ein liten quiz eller
liknande. På denne måten blir
effekten av den dialogiske
lesinga auka.
FAKTA:
Kva er dialogisk
lesing?
Dialogisk lesing dreier om
å lesa ei bok med ei mindre
gruppe born og føre ein dialog
med borna om leseopplevinga.
Ved første lesing sit borna og
lyttar. Kanskje avbrote av eit
enkelt spørsmål til handlinga.
Ved andre lesing grip peda-
gogen fast i enkelte ord og
bilde som borna skal samtala
om og forhalda seg til.
Ved tredje lesing blir dialogen
intensivert. Handlinga i boka
blir brukt som inspirasjon til
leik og aktivitetar, til dømes
rolleleik, ein liten quiz eller
liknande. På denne måten blir
effekten av den dialogiske
lesinga auka.
I fjor jobba dei med Snøhumla Mille.
No i år jobbar dei med Den lille larven
Aldrimett. Sjølv om den siste boka er på
bokmål, så les dei ho på nynorsk.
I boka går dei gjennom vekedagane,
fargane og fasane i livet til larva.
– Me lagar dokketeater og sansebilde,
fortel Anne Kristin. Dei jobbar kring to
månader med bøkene, men det hender
dei les spontant også.
Involverer foreldra
Anne Kristin Haugen Halveg understrekar
kor viktig det er å involvera foreldra.
Ein dag i veka har éin av ungane med
seg ei bok som dei kjenner godt.
– Då fortel dei om boka til dei andre
ungane. Då er det dei som er eksperten.
Barnehagen har fått seg eit minibiblio-
tek der barn og foreldre kan låna med seg
bøker heim. Bøkene skal bli oppdaterte.
Dei byrjar å bli godt brukte, seier Anne
Kristin Haugen Halveg.
Dei er òg så heldige at dei får besøk av
5. og 6.klasse éin gong i månaden for å
lesa for ungane i små grupper.
Gode spørsmål
Arbeidet med lesinga har gjort at ungane
oftare kjem til dei vaksne og spør om dei
kan lesa for dei.
Lesinga har òg ført til at borna blir
betre kjent med bokstavane, innhaldet og
anna læring.
Når dei les Lille larven aldri mett, så
snakkar dei til dømes om kva ein som-
marfugl er.
– Me har jobba ein del med korleis
me kan stilla gode spørsmål til ungane
for å dei med i ein samtale om bøkene.
Me stiller utforskande spørsmål som «kva
tenkjer de om dette?».
Barnehagen knyter bøkene til ram-
meplanen. Til og med fysisk aktivitet
blir knytt til bøkene. I vinter laga dei
til dømes Den lille larven Aldrimett i
snø ballar ute.
Bente Lothe Orheim er forlagsredaktør i Samlaget forbarne- og ungdomslitteratur. Foto: SamlagetLeseland tel no totalt trettifire titlar med til-
høyrande appar. Det er meir enn ei dobling sidan
2014. Det kjem nye titlar kvart år framover.
Før Samlaget etablerte lettlesuniverset Lese-
land i 2014 hadde ein berre tjuefem lettlesbøker
på nynorsk å velje mellom. Og det var ein uro-
vekkande situasjon: den nynorske hovudmåls-
eleven fekk ikkje høve til å bli stø i sitt eige mål
med så få lettlesbøker på nynorsk, og brukte
i stor grad bokmålsbøker. Som Bente Lothe
Orheim, redaktør for Leseland, seier det:
– For å bli ein god hovudmålsbrukar må du
ha tilgang til lettles-
bøker på hovudmålet
ditt. Med Leseland vil
den unge nynorsk-
brukaren vere mykje
betre rusta. Og tenk
berre på kva det gjer
med den språklege
sjølvkjensla til den
nynorske hovudmåls-
brukaren når han eller
ho ikkje finn lettles-
bøker på nynorsk?
Vi er svært glade for å kunne bøte på denne
situasjonen.
Mange av bøkene er omsett frå andre språk,
men dei norske forfattarane Anna R. Folkestad,
Bente Bratlund og Linn T. Sunne er alle aktuelle
med nye bøker i serien. Lettlesbøkene er delt
inn i fem nivå etter leseferdigheiter, og handlar
om alt frå kjærleik, og venskap til eventyr og
humor.
Nytt av året er også fire faktabøker om
merkelege dyr, forsvunne skattar, utrulege
rekordar og mystiske stader.
Samlagetmedatten nye
Leseland-titlarSVEINOLAVB.LANGÅKER
fbaargang2016 fbseksjonKIR