UNDERSKOT: Kommunen får berre tilskot til norskfaget, men Arild Melvær meiner at mange treng grunnleggjande undervisning i dei andre basisfaga også. Meir norsk og fleire fag Vaksne flyktningar som blir busette, skal gjennom eit obligatorisk introduksjonsprogram på normalt to år. Den viktigaste delen av programmet er norskkurs med samfunnsfag. – Norskkurset går med dundrande underskot, fortel Arild Melvær. Innvandrarsenteret tilbyr fleire timar i mindre grupper enn det norsktilskotet finansierer. Flyktningar med liten skulegang får også grunnskuleundervisning i andre fag sjølv om det kommunale føretaket berre får statlege midlar til norskfaget. Men gode kurs er ikkje nok for at flyktningane skal bli integrerte i lokalsamfunnet. Dei som skal bu i Flora, blir kartlagde med omsyn til kvalifikasjonar og interesser slik at dei kan leggje ein plan for utdanning og arbeid. Innvandrarsenteret samarbeider også med Nav og ein del verksemder for å skaffe språk- og arbeidspraksis og fast arbeid. – Me er ikkje heilt nøgde med korkje Nav, dei kommunale tenestene, bedriftene eller med oss sjølve, seier leiaren på Innvandrarsenteret. – For at samarbeidet skal fungere godt nok, må særleg informasjonsflyten mellom Innvandrarsenteret, kommunale tenester og det private næringslivet bli betre. Næringslivet må til dømes melde frå til oss om kva slags arbeidskraft dei treng, seier Melvær. BREI KOMPETANSE: Yothy Pathmajothy Kamalanathan snakkar to språk flytande pluss at ho no har fagbrev. Tilskot for asylsøkjarar Asylsøkjarar som kjem til Norge, bur normalt på asylmottak. Utlendingsdirektoratet (UDI) har ansvar for mottaka, men drifta blir som regel drifta av private selskap etter ein anbodsrunde. Verstkommunen kan også drive asylmottaket. UDI dekkjer alle kostnadene ved mottaka. Flora er ein av få kommunar, og den einaste i Sogn og Fjordane, som sjølv tek hand om asyl- mottak og skolering av flyktningane. Av dei andre asylmottaka i fylket vert ni drifta av kommer sielle aktørar og eitt av Norsk Folkehjelp. Kommunen skal, og får tilskot for, mellom anna å gje gratis helsetenester til alle, barnehageplass til fire- og fem-åringar samt grunnutdanning til dei som er under 16 år. – Alle partar, også me på Innvandrarsenteret, har eit ansvar for å betre informasjonsflyten, legg han til. Nyttar pengane der dei trengst mest Varaordførar Jan Henrik Nygård frå Venstre meiner flyktningane som kjem til Flora, blir godt teke hand om. – Innvandrarsenteret har lang erfaring og høg kompetanse. Dessutan er næringslivet og kommunen open for å gje språkpraksisplassar, seier han. Nygård er sjølv dag- leg leiar av ein liten bedrift med ni tilsette, og dei har ofte inne innvandrarar som treng språk- og arbeidspraksis. Varaordføraren meiner det er ein stor fordel at Innvandrarsenteret vert driven som eit kommunalt føretak. – Det gjev oss betre styring slik at me kan bruke pengane på kommunale tenester ettersom behova endrar seg. Viss det til dømes er mange spedbarn blant innvandra34 < Fagbladet 4/2016 fbaargang2016 fbseksjonKON