FOKUS
Magnhild
Folkvord
Journalist og
forfattar.
36 < Fagbladet 4/2016
Kan draumen om å vera fri reknast
om i tid, arbeidstid og fritid? Og kor
mange av timane i døgnet må du ha
kontroll over for å kjenna deg fri?
Om det spørsmålet blir litt for stort,
kan du tenkja deg at eit par timar
meir fritid aukar opplevinga av
fridom, gir deg eit betre liv?
Dei fleste av oss er avhengige av å
ha ein jobb for å tena det vi treng for
å leva, og for dei aller fleste vil det
seia at vi sel arbeidskrafta vår til ein
arbeidsgivar som «gir» oss arbeid
– og får sin del av fortenesta av det
arbeidet vi gjer. Eit grunnleggjande
spørsmål for fagrørsla har så lenge
den har eksistert, vore å få til avtalar
som set grenser for kor mange timar
om dagen det skal vera nødvendig å
selja arbeidskrafta si for å få ei lønn
å leva av. Kravet
om at normalarbeidsdagen måtte
reduserast til åtte timar går tilbake
til 1889. Her til lands fekk ein stor
del av dei som har regulert arbeidstid
åttetimarsdag for snart hundre
år sia, frå og med 1919, somme litt
tidlegare, og andre seinare.
Sia 1987 har dei fleste med
regulert arbeidstid hatt 7,5 timars
dag. Men det betyr sjeldan at jobben
tar berre sju og ein halv time av
døgnet ditt. Er du heldig, bruker du
kanskje berre ti eller femten minutt
to gonger om dagen for å komma til
«Æ drømme om å være fri i lag med alle folkan som æ like …»
Det gjer godt å syngja Ellinors vise, vi er mange som deler
draumen om å vera fri, sjølv om vi kan tenkja ulikt om kva
som skal til for at det skal «bli like fint å jobbe som å danse».
Draumar om tid
du i liten huset er og kor
«Sekstimarsdag betyr ikkje
grad mange som
kontroll mindre arbeid, men mindre kan dela på
over den det som må/
lønnsarbeid, meir fridom.»
og frå jobb. Er du så heldig at du
kan gå eller sykla til og frå jobben,
får du litt mosjon med det same.
Men for mange er reisetida, kanskje
ein time kvar veg, meir daudtid.
Somme kan sitja med pc-en eller
nettbrettet på tog eller buss og jobba
eller «vera sosial» på nettet undervegs
til jobben. Andre heng i ein
stropp på bussen eller sit og køyrer
i ein bilkø. Uansett kor mykje eller
lite du synest du får ut av reisetida,
så har
tida du
må
bruka for å komma til og frå jobben.
Legg du saman reisetid og arbeidstid,
og kanskje dei minutta du
bruker for å gjera deg i stand før du
er klar til å gå ut av døra, kan det
for mange bli ti timar eller meir. Da
har du fjorten timar att av døgnet,
og minst halvparten av den tida bør
du bruka til å sova, og helst også
meir tid til
å eta enn det du bruker på å hiva
innpå litt kjappmat av og til.
Kanskje vil du også gjerne ha tid
til å laga maten?
Så langt har vi eit reknestykke
basert på ein vaksen person. Alle
som har eller har hatt ungar, veit
at tidskabalen blir heilt annleis når
det er ungar som skal leverast og/
eller hentast i barnehage, følgjast
til skole, eller iallfall få litt hjelp til
å komma seg i veg til rett tid. For
ikkje å snakka om at dei som er
foreldre, helst skal ha tid til å vera
i lag med ungane utan å vera nøydd
til å følgja med på klokka heile tida.
Kor mykje tid som går til husarbeid
og liknande, avheng sjølvsagt
av kor stort
bør gjerast.
Det finst ingen fasit for kor
mykje tid som blir att når alle
«må-tinga» er gjort. I periodar av
livet kan det opplevast som om ein
har negativ saldo på tidskontoen.
På dei nesten hundre åra sia
åttetimarsdagen vart innført, har det
skjedd store og dramatiske endrin-
gar i arbeidslivet. Kvar arbeidstakar
er mange gonger så produktiv som
dei som levde for hundre år sia. Gir
det meining at folk skal bruka meir
enn åtte timar kvar dag for å kunna
ha ein vanleg jobb?
Det var ikkje dette Ellinor
drøymde om. Når tok du deg sist tid
fbaargang2016 fbseksjonKON