colourbox.com colourbox.com
til å kjenna på korleis du ville disponert
dagen om du kunne bestemma sjølve, altså
vera fri? Kva skal til for at du skal kjenna at
tida kjem, ikkje berre at den flyg fort forbi?
Somme har slikt arbeid at dei i nokon
monn kan styra dagen meir sjølv, eller
iallfall oppleva det som sjølvstyring.
Ein forskar eller ein gardbrukar kan ha
like store eller større arbeidsmengder å
hanskast med enn ein sjukepleiar eller ein
som sit i kassa i ein butikk, men kan
oppleve ein heilt annan grad av fridom enn
dei fleste andre.
Det har å gjera med både det at dei i
større grad kan styra arbeids dagen sjølve,
og at arbeidet kanskje i større monn også
har med personleg engasjement å gjera, slik
at grensa mellom arbeid og fritidsinteresse
ikkje blir så viktig.
Ut frå den teknologiske utviklinga som
har gjort at vi produserer så mykje meir
kvar einaste time vi er på jobb, skulle tida
vera overmogen for å halda fram med å
forkorta normalarbeidsdagen. Den halvtimen
som vart borte i 1987, var ein start.
Tre halvtimar til, og vi ville ha seks timars
arbeidsdag.
Er det latskap som får fram slike tankar
og draumar?
Nei. Sekstimarsdag betyr ikkje at folk
skal sitja stille i to timar. Men det har å
gjera med at det er så mykje anna som er
viktig. For mange er det ungar og familie
som står øvst på lista, om ein får kontroll
over litt meir av døgnet. For andre er det ei
uendeleg rekkje av interesser – lesing,
trening, handarbeid, tid til å vera med i
politisk arbeid, tid til å slå av ein prat med
naboen.
Det er betre du fyller ut lista sjølv.
Sekstimarsdag betyr ikkje mindre arbeid,
men mindre lønnsarbeid, meir fridom.
Fagbladet 4/2016 < 37
fbaargang2016 fbseksjonKON