Christian Wiik Gjerde har du
sikkert sett på NRK Super.
No kjem han med barnebok.
Foto: Christian Raabe/
Samlaget
Christian Wiik Gjerde har du
sikkert sett på NRK Super.
No kjem han med barnebok.
Foto: Christian Raabe/
Samlaget
-Eg har fått mitt første fanbrev
Tidlegare NRK Super-profil og lærar Christian Wiik Gjerde
er aktuell med si første bok.
AV
ANDREA
RYGG
NØTTVEIT
– Eg har fått mitt første fanbrev – frå
bokormen Anna (10). Eg vart så stolt at eg
nesten byrja grine, smilar Christian Wiik
Gjerde.
Han dreg fram ein knust mobiltelefon
og les opp: «Jeg håper at du snart lager
en lignende bok av denne typen.»
I desse dagar debuterer barneskule-
læraren, som tidlegare har jobba som
journalist i NRK Super, som forfattar.
Det er skummelt å gje ut si første bok,
men fleire ting peikar i riktig retning for
debutanten. Allereie før lanseringa vart
boka bestilt i eit nytt opplag.
I tillegg er boka selt til Tyskland – der
ho skal gjevast ut på det sjølvstendige
forlaget Gerstenberg.
Motvillig moral
I debutromanen Jakta på firkløveren
skildrar Wiik Gjerde eit lite øysamfunn
der unge og gamle lever i skjønn harmoni
– ikkje ulikt sin eigen oppvekst på Søre
Sunnmøre.
Hovudpersonen Alvar er ni år og bruker
sommarferien på å snike seg unna fele-
spelinga, for å leike med bestekameraten
Jens på Gulløya. Her har dei grineklubb og
badar med den gamle bestemorskikkelsen
Gulla. Gutane gler seg til å få nye naboar,
men når byguten Magnus kjem, endrar
alt seg.
– Moralen i boka er at ein ikkje skal
vere redd for alt det nye, forklarar
Christian.
Seinare angrar han litt på at han sa
dette med moral. Det er fint om lesaren
sjølv klarer å finne moralen undervegs.
Målet er først og fremst å gleda lesaren
– og så kan moralen kome i tillegg.
Strikkejakke og fiseklubb
Framtida.no møter den spente debutan-
ten på ein kafé i Torggata. Trestolen han
fbaargang2016 fbseksjonKIR