Meldt av Svein Olav B. Langåker
Ei bok somMeldt av Svein Olav B. Langåker
Ei bok som
Det gjer eg òg.
sit på minner om stolane dei hadde på skulen
heime i den vesle bygda Tjørvåg i Herøy
kommune.
Enkelte ting i boka er nesten teke rett ut
av hans eigen barndom, som då bestemora
prøvde branntauet, då kameratane hadde fi-
seklubb og hovudpersonen Alvar, som speler
fele og konsekvent går i tøflar og strikkejakke
– akkurat som forfattaren sjølv gjorde då han
var yngre.
– Det var lett å skrive denne historia, fordi
eg har brukt mykje av min eigen oppvekst
med sjø, fjell og skog. Eg var veldig glad
i å leike meg ute i naturen, men eg var
ikkje like tøff som hovudpersonen, minnast
34- åringen.
Men når han tenkjer etter kjem det stadig
fleire likheiter.
– Han er jo ein veldig følelsesgut, og det
er for så vidt eg med. Han er ein merkeleg
karakter, men han er ganske snill, noko eg
håpar at eg òg er.
At karakterane framstår som ekte og er
lette å identifisere seg med, har vore noko av
det viktigaste for forfattaren.
Ein følsom antihelt
– Trur du at gutar møter varierte nok føre-
bilete i barnelitteraturen?
– Det er eit godt spørsmål, som eg kanskje
ikkje er rette personen til å svara på.
Christian dreg litt på det.
– Nei, kanskje ikkje.
Han har inntrykk av at gutekarakterane
ofte er tøffe og barske. Eller så er dei typiske
antiheltar, som går frå å vere den upopulære,
men som endar opp med å bli helten. I tillegg
ser han på det som svært positivt at det har
kome fleire sterke jentekarakterar.
– Kanskje det er på tide at det kjem ein
følelsesgut, som likevel er tøff. Han er jo
tøffare enn desse machokompisane sine.
Så er han veldig pysete på andre ting. Han
speglar litt denne sårbare guten, som så
gjerne vil, men ikkje alltid får det heilt til –
som ikkje har heilt trua på seg sjølv. Eg trur
det trengs meir enn berre superheltar, seier
Christian.
¬– Det er jo det det handlar om – å finne
helten i seg. Alvar er ein helt, sjølv om han
går i tøflar og ikkje ser ut som ein. Han er
kanskje ein følelseshelt?
Forfattaren merkar allereie at folk er opp-
teken av å setja boka inn i anten kategorien
«jentebok», eller «gutebok». Sjølv håpar han
boka passar til – og vert lese av – begge
kjønn.
Ungar no til dags
Christian har mykje erfaring med alders-
gruppa han skriv for, både frå lærarjob-
ben på mellomtrinnet og frå jobben som
programleiar i Superblokka på NRK P1.
– Eg ler veldig mykje når eg jobbar med
ungar. Men eg synest det er viktig å ta dei
seriøst – ikkje le av dei, men le med dei. For
dei har mykje fint å bidra med.
Ein ting han set spesielt stor pris på, er
barns fantastiske fantasi, som han nesten er
litt misunneleg på.
Han er overtydd over at fantasien har
godt av frileik. Nettopp difor er han litt uro-
leg over utviklinga der ungar nyttar stadig
meir tid framfor ein skjerm.
Gulløya er ribba for både nettbrett og
mobilar – noko som er eit medvite val frå
forfattaren si side.
– Faren med å ta vekk mobil og nettbrett
at det ikkje vert moderne nok. Samstundes
er det ikkje ei historie om nettbrett og mobil.
Det er ei historie om leik, fantasi og venskap,
understrekar 34-åringen, som no fryktar han
høyrest ut som ein gamal nostalgikar.
Dronning Lindgren
Som lærar har Christian inntrykk av at det
står bra til med lesegleda i den oppveks-
ande generasjonen, trass i at forskarar
stadig vekk åtvarar om det motsette.
Elevane hans har alltid ei bok tilgjengeleg,
som dei les i dagleg.
– Ser du forskjell på kva gutar og jenter
les?
– Det eg ser er at gutar ofte tyr til fakta-
bøker. Guinness rekordbok er heilt utslitt.
Det er mykje fakta om universet, dyr og
bilar. Jenter er kanskje meir skjønnlitterære
lesarar. Men sjølvsagt er det mange gutar
som les skjønnlitterært – då er det gjerne
bøker som «Gutta i trehuset» og Harry Potter.
Sjølv slukte Christian bøkene om «Fem-
gjengen» og har Astrid Lindgren som sitt
største idol. Han elskar stemninga i bøkene
hennar og nøler ikkje med å genierklære
«dronninga».
Fleire Parr?
Og om du no sit og tenkjer at barndomsidyll
frå Sunnmøre minner deg om ei anna barne-
bokdronning, så er du ikkje åleine.
Jakta på firkløveren
Christian Wiik Gjerde
Samlaget 2016
BOKMELDING
Det er sommarferie og skulefri. Alvar og Jens
badar med Gulla, leitar etter firkløver, har
klubbmøte i trehytta – ja, dei gjer alt det
kjekke ein kan gjere på ei øy uti havgapet.
Men når ein ny gut flyttar til øya, blir det
sjalusi, krangel og forviklingar. Alvar må
finne den vesle helten i seg, og det litt kjapt.
Forfattar Christian Wiik Gjerde tar kjensler på
alvor, og gjer dei til ein del av spenninga i
boka. Boka er sjarmerande, morosam, spen-
nande og rørande. Boka passar til høgtlesing
for dei fleste aldrar, vil eg tru. Sjuåringen min
blei heilt hekta på boka og håpar på meir.
set kjensleneisving
Christian gjekk på skule saman med Maria
Parr, som framleis er ei god venninne.
– Eg forstår at folk kan samanlikna oss,
noko eg tek som eit stort kompliment. Det har
nok litt med oppveksten, at me har liknande
interesser og at me begge har barnet godt
planta i oss. Likevel håpar eg at folk ser at
dette er Christian si bok. Eg trur det er plass
til oss begge i barnelitteraturverda, seier den
ferske forfattaren, som ikkje er i tvil om at
han vil halde fram å skrive.
I likheit med bokormen Anna (10) håpar
han at det vil bli fleire bøker etterkvart.
fbaargang2016 fbseksjonKIR