PIT PARION
Heilt supert, NRK Super!
– Eg betaler NRK-lisens med glede!
AV. ANNE MARTA VINSRYGG VADSTEIN , NYNORSKSENTERET
Du tenkjer kanskje at det var ein
merkeleg ting å seie. Eg skal fortelje
deg kvifor. Kvar gong eg betaler
lisensen, tenkjer eg at det gjer NRK
Super i stand til å produsere mange
ulike program. Dei lagar dokumentar-
seriar om born og viser mangfaldet i
barnekulturen, dei tek borna på alvor,
har «ekte folk» i tillegg til animasjons-
filmar og liknande, og ikkje minst har
dei mange program med nynorsk tale
og ulike dialekter.
NRK Super slår seg ikkje til ro med
at programmet er underhaldande. Dei
vil vere med på å spegle mangfaldet i
samfunnet og å gjere barn trygge på
seg sjølve. Språket er ein viktig del av
identitetsbygginga. Det som vert løfta
fram og gitt merksemd gir eit signal
om kva som er viktig. Når NRK Super
brukar nynorsk, bokmål, dialekter
og ulike andre språk, ser den vesle
TV-sjåaren at «språket mitt er viktig».
Ein som er trygg på at språket han/ho
brukar er akseptert, nyttig og verdi-
fullt, vil heller ikkje ha problem med å
bruke det seinare. Det kokar eigentleg
ned til å bli eit viktig demokratisk
prinsipp: Gje barna god språkleg
sjølvkjensle, slik at dei kan bruke
språket sitt til å seie kva dei meiner.
Dei siste åra har NRK Super gjort ein
stor innsats for å auke nynorskandelen
for dei yngste sjåarane. Mange teikne-
filmar vert dubba på nynorsk, det vert
laga fleire norskproduserte seriar med
nynorsk tale, og i fjor lanserte NRK
Super-gjengen ein nynorsk julesong.
Alt dette er heilt topp! Fleire seriar,
filmar og songar med nynorsk tale gir
fleire minutt med nynorsk språksti-
mulering. I tillegg er dei fleste seriane
og filmane tilgjengelege på nettet
lenge etter at dei vart viste på TV
første gongen. Dette gjer det mogleg
å bruke dei privat og i undervisings-
samanheng når det måtte passe.
Språket vårt, både tale og skrift,
vert påverka av det vi høyrer og
les. Ingeborg Mjør har sagt det så
fint: Barn må få møte den nynor-
ske skriftnormalen og det nynorske
lydbiletet, slik dei kvar dag møter
bokmål. Dei må få høyre ordformer
som «eg», «dei», «heim», «hugse»,
«tenkje», «drøyme» osb. Dei yngste
barna les ikkje sjølve enno. Dei møter
nynorsk tekst gjennom øyra, og derfor
er det så viktig at også barne-TV
formidlar nynorsk tekst munnleg. Slik
byggjer dei bru mellom den munn-
lege daglegtalen og skriftspråket
borna skal lære på skulen.
Eit variert tilbod av filmar og seriar,
på både dialekt, bokmål og nynorsk,
gjev barna verdifull språk-ballast og
eit stort register. Så, i dag er det tid
for å gje NRK Super ein blome og ein
klapp på skuldra for godt språkar-
beid. Ikkje stopp no.
«Denne teksten vart først publisert på
iver.nynorsksenteret.no»
Kultur, språk og litteratur
På nettsida vår kan du og lesa om Pirionkurs: Korleis kan vaksne blimedvitne brukarar og formidlarar av språk, kultur og identitet?
Faste spalter:
BOKPRAT | MIN BARNEHAGE | LES FOR MEG | AKTUELT
www.pirion.no
@avisapirionfor degsom jobbar medbarn
Tips oss på pirion@pirion.no Me vil gjerne ha tips og innspel om det er noko du syns me bør ta opp, eller om du
har tips om bøker me bør skriva om. Sjå og www.pirion.no PiRion
PIRION ER STØTTA AV KUNNSKAPSDEPARTEMENTET, FAGFORBUNDET OG LNK PIRION 3/2016, 17. årgangen – ISSN 1502-3036 Utgivar:
Stiftinga Pirion Heimeside:
www.pirion.no Ansvarleg redaktør:
Svein Olav
Langåker, mobil 94 87 53 65 E-post: pirion@pirion.no Korrektur: Halldis Furre Form gjeving: Salikat design
fbaargang2016 fbseksjonKIR