colourbox.com colourbox.com tungt fysisk arbeid. Teknologi kan og vere ein faktor som kan bidra til å jamne ut kjønnsbalansen, i tillegg til å vere eit rekrutteringsverkemiddel i seg sjølv. Teknologien er eit gode for både arbeidsgjevar og arbeidstakar ved å gje god oversikt over bygga og arbeidet som er utført. Fagforbundet ser fordelane, men er i tillegg opptatt av ikkje å undervurdere utfordringane ved bruk av teknologi. Teknologi kan og medføre ulemper for arbeidstakarane. I ein artikkel frå Fafo blir det hevda at overvaking av tilsette ved bruk av teknologi kan føre til både stress og tillitsbrot mellom arbeidstakar og arbeidsgjevar. Det norske arbeidslivet er i stor grad basert på tillit. Tillitsbrot kan skje, også ved misbruk av teknologi. Det er difor viktig å styre og nytte teknologien til fordel for både arbeidsgjevar og arbeidstakar. Språk og kompetanse er og viktig når vi tek i bruk ny teknologi. Teknologi kan lette arbeidskvardagen til dei med språkutfordringar, ved til dømes å nytte bilete som dokumentasjon. Språk er likevel essensielt for å nyttiggjere seg kompetanseheving og opplæring. Reinhaldsbransjen er, med bruk av ny teknologi, ein bransje på full fart inn i framtida. Det er viktig å sikre at teknologien blir nytta til rett formål, og at dei tilsette får god opplæring i å bruke den. Ny teknologi vil då kunne vere eit godt verktøy i reinhaldsoperatøren sin kvardag. Kjelder: FDV – forvaltning, drift, vedlikehold, 1. utgåve (2016) HMS for ansatte innen renhold, Fagforbundet (2010). Når arbeidet kan spores fra sjefens kontor, Alf Tore Bergsli, www.arbeidsliv.no (05.10.2012) Karriere som renholder, Fagforbundet (2013). Rengjøringsspray og astma – bruk av rengjøringsspray gir helseplager, S. Nilsen og J.V. Bakke, Fagforbundet (2014). Renholdsnytt nr. 1/2016. Fagbladet 6/2016 < 37 fbaargang2016 fbseksjonSAM