30 ~ FAGBLADET | 8 | 2016 |
E in dag i året vrimlar det av folk
og fe i den store hagen på Nome
sjukeheim. Det er når dei tilsette
arrangerer Mini-Dyrsku’n.
Bønder og andre dyreeigarar
kjem til sjukeheimen
for å låne
bort eitt eller fleire dyr. Elevane frå Vg2 helsearbeidarfag
nytta dagen til å assistere pleiarane.
EIN SPESIELL DAG
Den vesle kalven er tjora til eit frukttre. Ein
ponni står attmed eit anna tre, medan den
svære, svarte grisen luskar fritt omkring. Det
gjer også hønene. Geitekillingen Slikkepott
sprett opp på eit bord, og ei vaksen geit hoppar
opp for å knaske blad frå plommetreet. Saman
med kaninar og marsvin er dei alle med på å
skape liv og røre.
Ikkje berre dei gamle, men også elevane frå
vidaregåande og barnehageborna morar seg over
dyra. Heilt til kalven har surra seg fast og treng
hjelp for å komme fri. Ein hjelpepleiar spring
bort, i farta fortel ho at ho er gamal budeie, og
kalvekroppen er snart fri.
VERDT PRISEN
Oddrun Nilsen og Kari Lie er to av eldsjelene
som sidan 2010 har vore med på å arrangere
Mini-Dyrsku’n på Nome sjukeheim. At barnehagen
kjem på besøk er mest like viktig som dyra.
– Dyr og born verkar som medisin for folk
med demens, meiner dei.
Pleiarane investerer masse energi i planlegging
og praktisk arbeid for å få til ein slik dag.
Løna som gjer det vel verdt, er at dei gamle
livnar til.
– Vi ser at dei lyser opp. Og nokre av dei
hugsar dyrsku’n frå år til år.
Det varmar også at bønder, midt i travlaste
innhaustinga, tek seg tid til å komme med dyra.
Dessutan er det morosamt at tiltaket er blitt så
populært i bygda at mange utanfrå kjem innom.
DYRSKU I BYEN
Dei to pleiarane meiner mest alle sjukeheimar
kan ta til seg ideen om dyrsku og gjennomføre
ein liknande dag. Dei einaste som må til, er eit
lite uteområde og nokre dyr. Ikkje berre på
landsbygda, men også i byane er det mogleg,
meiner dei.
– Dei fleste bebuarane har hatt dyr, eller dei
har kjent nokon som har dyr, seier Oddrun
Nilsen.
– På alle sjukeheimar arbeider folk som sjølv
har eller som kjenner nokon som har ein hund,
ein katt eller eit marsvin, meiner Kari Lie. *
– Dyr er som
medisin for folk
med demens
Når dei gamle ikkje lenger kan reise på dyrsku’n i Seljord,
kjem bøndene med dyra til sjukeheimen.
TEKST KARIN E. SVENDSEN FOTO ERIK M. SUNDT
PÅ JOBB / DYRSKU PÅ SJUKEHEIMEN
Dei fleste
bebuarane
har hatt
dyr, eller
dei har
kjent
nokon som
har dyr.
ODDRUN NILSEN
fbaargang2016 fbseksjonFEL