Morer seg
med bowling
og boccia
– Når vi finn på noko som er så fasinerande at dei
ikkje vil på do heile tida, da har vi lukkast.
TEKST: KARIN E. SVENDSEN FOTO: ERIK M. SUNDT
JOBB / AKTIVITET PÅ SJUKEHEIMEN
– Det var for lenge, og mange vart trøtte og
ville inn, fortel Grethe Lona.
Etter alle store hendingar møtes Miljøgruppa
for å samle erfaringar og diskutere om noko bør
endrast til neste gong. Sidan mange av bebuarane
ikkje klarte å hengje med heile vinterdagen
i fjor, vart han korta ned til ein og ein halv time
i år. Kanskje er dette ein av dei viktigaste
lærdommane dei har fått etter eit år; dei gamle
vert fortare trøtte enn forventa.
– Vi har drøfta mykje korleis vi skal balansere
stimuli slik at det korkje vert for mykje eller for
lite, seier sjukepleiaren.
KONGENS 80-ÅRSDAG
Kvar dag sin aktivitet, og kvar månad si store
hending. Men når det byr seg eit høve, finn dei
gjerne på noko ekstra.
– Då kongen fylte 80 år, viste me filmen
Kongens nei, fortel Monica Nordahl Pedersen.
Og sjeldan har dei fått fleire positive tilbakemeldingar.
Av dei 25 som kom for å sjå den drøyt to
timar lange filmen, vart berre to urolege. Monica
tykkjer det er god løn for strevet å sjå at eit tiltak
treffer, at humøret stig og at dei gamle trivst.
Eine dagen øver dei korsong,
andre dagen trimmar dei. Elles
speler dei bingo, høyrer andakt
eller handlar frå kiosken som
kjem trillande gjennom
avdelinga. Når helga kjem, kan
bebuarane på Nome sjukeheim sette seg ned
med hendene i fanget, eller dei blir inviterte på
quiz eller kryssord.
Ti tilsette på Nome sjukeheim i Telemark
sørgjer for at bebuarane har tilbod om aktivitetar
kvar vekedag. Dei ti er kursa i miljøbehandling,
og for eit år sidan danna dei Miljøgruppa og
tok over ansvaret for dei daglege aktivitetane på
sjukeheimen. Gruppa arrangerer også ein stor
og minneverdig hending kvar månad.
PASSE LENGE
Grethe Lona, sjukepleiar og demenskoordinator
i Nome kommune, leia Miljøgruppa det første
året. No har hjelpepleiar Monica Nordahl
Pedersen hovudansvaret.
Ein av dei store, årlege aktivitetane for
bebuarane er vinterfesten i mars. I fjor varte
aktivitetane i to timar.
14 ~ FAGBLADET | 4 | 2017 |
fbaargang2017 fbseksjonpdf