I SAMFUNNET / KOMMUNAL GLEDE
Om ein ser på fakta, er det
kanskje likevel ikkje så
merkeleg at det kommunale
badet innerst i Sognefjorden
har uforklarlege høge
besøkstal. Det hypermoderne
badet har fire basseng, to utekulpar, ei spektakulær
grotte med sittebenk, vatnmassaje og
lysshow, to badstover, stupetårn, klatrevegg og
sklier. Dei 55.000 årlege gjestene har 2750 kvm
å boltre seg på, og badet tilbyr ei rekke aktivitetar,
i tillegg til skulesymjing.
Badet, som held ope året rundt, har vorte
ein attraksjon for feriegjester og innbyggjarar
i nabokommunane. Særleg på gråe dagar med
ekte vestlandsver, gjev badet Jotunheimen
og Jostedalsbreen hard konkurranse.
Like populært har det rett nok ikkje alltid
vore. Med ein prislapp på over 100 millionar,
hadde badet ein trong fødsel. Motstandarene
frykta dårlegare kommunale tenester og
mobiliserte med underskriftskampanjar.
Tilhengarane svara med å henta heimatt
kommunestyrerepresentantar på ferie for
å sikre fleirtal, fordi vararepresentanten ville
stemme nei.
Men enden på soga er at her møtes folk i alle
aldersgrupper, frå tidleg til seint.
Laugarlaget er blant dei ivrigaste. Dei møtest
to gonger i veka for å symja 1000 meter, duppa
seg i kulde- og varmekulpen og ta ein kopp kaffi.
Dei skryt av aukinga i medlemsmassen:
– Me har dobla oss på to år, sier ein.
– I kilo i alle fall, sier ein anna.
Konklusjonen er dei imidlertid enige om:
– Det er ikkje plass til fleire i banene no. Då må
me symje i sikk-sakk.
1
POPULÆRT: Det
kommunale badet dreg
folk i alle aldersgrupper
– frå langt fleire plassar
enn Luster. Både nabokommunar
og feriegjester
er godt representert blant
dei besøkande.
SLOGAN: Badet lyser
opp mellom dei bratte
lustrafjella og gjer sitt
for å leva opp til sitt eige
slagord: «Lustrabadet –
ei oppleving når du er i
Sogn».
1
2
2
56 ~ FAGBLADET | 5 | 2017 |
fbaargang2017 fbseksjonFEL