10 ~ FAGBLADET | 9 | 2017 |
på
Lunsj
menyen
PÅ JOBB / MAT OG ELDRE
Ei pirrande lukt med lovnad om
god mat brer seg på det vesle
kjøkenet på avdeling 1 ved
Gaupne omsorgssenter.
Rykande heit fiskesuppe og
rundstykke er på veg til Birger
Moene, og han smiler nøgd. Den varme lunsjen
midt på dagen fell kortidspasienten i smak på
meir enn ein måte.
– Dette er heilt topp og passar meg mykje
betre, seier Moene om den nyinnførte lunsjen
klokka 13. Lunsjmenyen består av suppe, som i
Over 35 prosent av sjukeheimsbebuarar står i fare for å utvikle
underernæring, seier statistikken. I Luster har dei innført lunsj og
seinare middag i håp om at pasientane skal ete meir og betre.
TEKST: CAMILLA ØVREBØ ONDRCKOVA FOTO: EIVIND SENNESET
dag, andre dagar kan det vera ulike typar graut
eller eit tradisjonelt brødmåltid med litt ekstra
godt pålegg.
I februar la nemleg omsorgssenteret i Sogn og
Fjordane om måltidrytmen. Før var det
middagen som vart servert klokka 13, no kjem
den på bordet klokka 15.30. Men til gjengjeld er
det innført lunsj mellom frukost og middag.
INNFØRTE LUNSJ – SEINARE MIDDAG
Måltidsrytmen var ein av grunnane til at leiinga
ved Gaupne omsorgssenter bestemte seg for å
fbaargang2017 fbseksjonFEL