72 ~ FAGBLADET | 9 | 2017 |
DELTID I MALVIK
Sidan arbeidet for
heiltidskultur byrja i 2015,
har 14 fått full stilling.
Seks har fått auka
stilling.
Framleis ønskjer 31 av dei
nesten 900 tilsette auka
eller full stilling. Dei fleste
arbeider i pleie og
omsorg, nokre i oppvekst
og ein i teknisk.
Tolv prosent større stilling
betyr mykje, meiner
barne- og ungdomsarbeidar
Anja Paulsen Malvik.
27-åringen arbeidde først
fire år som vikar og tilkallingsvakt
før ho i 2012 fekk ein 70 prosent fast
stilling. No i september gjekk ho opp til 82
prosent.
– Eg har hus og gjeld og må arbeide 100
prosent for å klare meg, seier ho.
No er økonomien tryggare. Og ho er friare.
– Før måtte eg skaffe meg seks ekstravakter i
månaden. No held det med fire. Det er ein stor
forskjell, seier Anja.
I vår las ho gjennom timelistene for siste året,
og såg at ho hadde arbeidd 82 prosent. Ho sende
da søknad til styrar og hovudtillitsvald om å få
auka stillinga frå 70 til 82 prosent. Det positive
svaret kom i september. Da fekk ho også
etterbetalt for dei 12 prosenta frå ho sende
brevet.
FLEIRE TILTAK FOR AUKA STILLING
Anja er ein av 34 tilsette i Sandfjæra barnehage i
Malvik kommune. Mange av dei arbeider deltid.
Fire av dei har fått større stilling gjennom
samarbeidet for heiltidskultur mellom Fagforbundet
og kommunen.
Line Johnsen, leiar i Fagforbundet Malvik,
brenn for heiltidskultur og for heile, faste
stillingar.
– Vi nyttar ofte arbeidsmiljølovas paragraf
14-4 for å få auka stillingar, fortel ho. Det var den
som også hjelpte Anja. (Sjå faktaboks.)
Ein annan moglegheit for auka stilling er å slå
saman to små stillingar til ein. To tilsette har fått
heil stilling på den måten. To andre har fått heil
stilling ved å skifte arbeidsplass.
Fagforbundet i Malvik er ikkje aleine i
arbeidet for heile stillingar. Dei har formalisert
samarbeid med Ap og SV, og etter valet i 2015
fekk dei ein entusiastisk ordførar med på laget.
– Eg er med i politikken for å få til endringar,
seier Ingrid Aune (Ap).
– Heiltid er ei av mine hjartesaker. Det
handlar om god eldreomsoerg, tryggleik for dei
tilsette og likestilling, seier den utypiske
ordføraren. Ho er 31 år og første kvinnelege
ordføraren i Malvik.
ALLTID PÅ DAGSORDEN
Ordføraren seier heiltid er ei av dei tre høgst
prioriterte sakene for Ap i Malvik.
– Heiltid står på dagsorden på alle møter der
det er mogleg, og talet på møter i trepartssamarbeidet
mellom tillitsvalde, politikarar og
administrasjon er dobla, seier ho.
Anja på veg mot
full jobb
Anja fekk 82 prosent stilling etter fem år i Sandfjøra
barnehage. – Eg kjenner meg tryggare enn før, men
ønskjer framleis full stilling, seier ho.
TEKST: KARIN E. SVENDSEN FOTO: LENA KNUTLI
MELLOM OSS / HEILTID I MALVIK
fbaargang2017 fbseksjonFEL